Oppover i etasjane på Haraldsplass Diakonale Sykehus er pågangen så stor at pasientar stadig må ta til takke med sengeplass i korridorane.

Derfor er kontrasten til 1. etasje slåande. I dei svære lokala, der den gamle geriatriske posten låg, er det tomt og stille. Rom og korridorar er tømde for utstyr, møblar og menneske. Berre nokre tomme skap står igjen.

Geriatrisk post har flytta ut for å frigjera 600 kvadratmeter golvplass til eit nytt, toppmoderne akuttmottak til tretten millionar kroner. Teikningane og planane er klare for lengst. Men heile flyttesjauen kan ha vore fåfengt.

Leksa er etter kvart velkjent i Helse Vest RHF: Det finst ikkje investeringsmidlar til planlagde prosjekt i 2002. Dette får også konsekvensar for private, ideelle sjukehus som Haraldsplass.

— Sjølve føresetnaden for å byggje ny geriatrisk avdeling i 6. etasje, var å etablere nytt akuttmottak her. Elles hadde vi aldri gjort det, sukkar sjukehusdirektør Eivind Hansen.

Plassmangel og stress

Kvart år tek Haraldsplass imot kring 10.000 pasientar. Åtti prosent treng akutt hjelp. Men det gamle akuttmottaket slit med plassmangel og dårlege arbeidsforhold for personalet.

— Nytt akuttmottak? Ja, det skal eg love deg at det er behov for, seier avdelingssjukepleiar Astrid Solberg Hansen.

Ho fortel om ein stressande arbeidsdag med stor pågang av pasientar, men altfor få og små mottaksrom. Om akuttpasientar som hopar seg opp i korridorane, og sjukepleiarar som stadig må ommøblere akuttstovene for å få plass til fleire pasientar. Alt tyder på at dei må leve med slike arbeidsforhold ei god stund til.

Saka om nytt akuttmottak på Haraldsplass har versert i fylkeskommunale dokument sidan 1996. Den tidlegare sjukehuseigaren, Hordaland fylkeskommune, gav klarsignal om flytting av den geriatriske avdelinga. Motivasjonen var å gje plass til nytt akuttmottak.

Helse Vest lovar ingenting

Etter at staten overtok som sjukehuseigar, har ombyggingsprosjektet stoppa opp. Rett nok har direktør Hansen framleis eit håp om at byggjearbeidet kan ta til i september, slik at det nye mottaket kan opnast til våren.

Mens administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilsen, trur det er vel optimistisk, og vaktar seg elles vel for å kome med lovnader.

— 2002 er eit unntaksår, der vi har svært lite investeringsmidlar, seier Nilsen til BT.

— Så du lovar ingenting?

— Heilt korrekt.

TOMME KORRIDORAR: Store lokale på Haraldsplass står no tomme på ubestemt tid. Eivind Hansen må konstatere at det ikkje finst investeringsmidlar i 2002 til ombyggingsarbeidet til tretten millionar kroner.
Foto: Knut Strand