— Neste veke ser det ut til at det er slutt på den verkeleg fine perioden, og at véret blir meir vekslande, opplyser Kristin Gjesdal, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

— Med andre ord må vi nyte véret i helga, fordi sommaren kan vere over alt måndag?

— Ja. Heller ikkje meteorolog Svein Inge Andersen ved Storm Weather Center i Bergen vil love fortsatt sommar over helga, men er likevel meir optimistisk enn kollegaen på Vervarslinga.

— Prognosane opnar for mykje usikkerheit, og véret kan vippe begge vegar både søndag, måndag og tysdag. Men eg har tru på at det kan bli mykje fint vér framover, særleg nordover på Vestlandet, og iallfall betre enn på austlandet.

I morgon kan det også bli ein pause frå sola med tilskyande vér, lågare temperaturar, byger og torevér. Men dette er forbigåande. Alt laurdag blir det fint igjen, og same gjeld truleg også for sundagen, men så spørs det. Årsaka er ei frontsone rett sør og vest for oss, der varme og kalde luftstrømmar møtest.

BADEGLEDER: Det er ingen grunn til å nekte seg badelivets gleder.
Foto: Marte Rognerud