Av Gyri Skre

Tvert om, Ludv. Jerdal, eg respekterer og ser opp til både deg og dei som skreiv før deg. Og eg ønskjer at barn og unge skal bli glade i klassikarane våre.

Somme dialektar vil nok også i vår tid føle slektskap med Aasen-normalen, men det er nok ikkje dei fleste. Derfor ønskjer eg ei modernisering av nynorsken.

Ludv. Jerdal og eg representerer heilt klart to ulike haldningar til språkleg identitet. For han er skriftnormalen statisk, og han ønskjer ikkje å tilpasse normalen til det levande språket i dialektane. Eg meiner at dersom avstanden mellom skrift— og talemål blir for stor, så duger ikkje skriftspråket lenger som uttrykksmiddel for kvardagstankar. Og eg skriv for det meste kvardagsnorsk.

Ludv. Jerdal samanliknar språksituasjonen vår med den som islendingar, tyskarar og britar opplever. Det blir feil. For dei opplevde ikkje at «400-årig natten hvilte over apekatten», som Ibsen uttrykker det i Peer Gynt.

Det er heller ikkje slik at eg nedvurderer eller skjemmest over opphavet mitt, og spesielt ikkje over oldemor mi, som eg er oppkalt etter. Men eg innser at vi hadde ein så grundig påverknad frå dansk, at det ikkje er råd å late som om dette ikkje har skjedd.

Og då må vi velje side og ta eit standpunkt. Mitt standpunkt er: Snakk dialekt – skriv nynorsk. Dess fleire som gjer det, dess meir seigliva blir denne vesle språkgruppa vår, trur eg.

Ludv. Jerdal har rett i at språket er eit av dei mest verdfulle kulturelle kjenneteikn, og som arv frå fedrene – gratis for alle som vil bruke det!

Derfor vil eg slutte denne aviskrangelen med følgjande vers av Olav H. Hauge:

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell.Grip kvarandre i hendeneBlandar sin song og sitt blod.

Held fram einige, sterkare,Snåvar ikkje så lett i steinane: Turrskodd skal ingen vassa oss no!