Leiar i Bokmålsforbundet, Steinar Øksengård, kommenterte intervjuet med Willy Dahl og innlegget mitt 6. mai under tittelen «Professor på glattisen» og bydelsleiar Arild Blommedal skriv dagen etter under tittelen «Folkeavstemning om Åsane-språk», der han også kommenterer det han kallar Asbjørn Kristoffersens harselas med saka dagen før.

Til sistnemnte innlegg er å seia at mange nok vil vera einige med meg i at det eigentlege strilemålet ligg mykje nærare nynorsk enn bokmål, ja så nær at ein mest kan kalla nynorsken for den skrivne utgåva av striledialekten. Sjølvsagt går det an å snakka stril og skriva bokmål. Men ved å gjera det, gir ein eit signal til omverda om at strilemålet ikkje er godt nok til å uttrykka seg på skriftleg. Det er denne bodskapen Blommedal sender ut ved å seia «Tal dialekt — skriv bokmål». Elles registrerer eg med interesse at han karakteriserer oss som går inn for nynorsk for «mørkemenn med vinkling som tilhører en annen tid». Det har vel alltid vore slik at når argument ikkje strekk til, så prøver ein å tillegga motparten skumle motiv, eller plassera dei på museum for å ufarleggjera dei. Kva slags vinkling Blommedal har i denne samanhengen, skal vera usagt.

Når det gjeld Øksengård, registrerer eg at han ikkje har eitt einaste språkleg eller pedagogisk argument for kvifor vestlendingar bør skriva bokmål i staden for nynorsk. Det einaste han har å fara med, er det gamle prosentargumentet - at når 90 prosent av folket skriv bokmål, må det vera eit mykje betre språk enn nynorsk. Dessutan kjem han igjen med påstanden om at «folket har valgt bokmål» og at nynorsken berre eksisterer som skriftmål fordi den får «kunstig åndedrett» av staten. Her er det min uærbødige påstand at dersom nynorsken ikkje hadde vore diskriminert i næringslivet, hovudstadspressa og dei fleste regionavisene (BT er eit heiderleg unntak), og dersom læremiddel hadde lege føre på begge målformer til same tid og pris, hadde me kunna snakka med større tyngde om at folk kunne velja fritt, og langt fleire hadde då valt nynorsk. Slik det er no, kan ein ikkje snakka om noko fritt val. Elles registrerer eg at verken Øksengård eller Blommedal nemner noko om at nynorsken er unyttig, og har heller ikkje nokon kommentar til det eg påviste i mitt første innlegg, at stadig fleire foreldre i Bergen ønskjer nynorsk fordi dei ser nytten av at borna deira lærer det som førstespråk. Korleis det er i Kyrkjekrinsen, vil visa seg ved ei eventuell ny folkerøysting.

Av Oddvar Skre,

Hordaland Mållag