Det skal avgjerast om desse nynorskskulane skal halde fram med å vere det, eller om dei skal verte bokmålsskular. At elevar med nynorsk som hovudmål vert mykje flinkare i norsk og oppnår eit høgare kunnskapsnivå innanfor norskfaget enn dei som ikkje har dette tilbodet, er eit faktum.

Nynorskelevar har òg ein føremon når framandspråka skal lærast.

Men for byfolk som diverre har sett seg nøydde til å flytte ut av byen for å få råd til einebustad, land cruiser i hagen og parabol, er ikkje nynorsk godt nok.

Dei ser på nynorsk som bondsk, gamaldags og strilete. Sjølv er desse utflytta bergenserane gamaldagse, avdi dei ikkje har skjønt at tidene har endra seg: I dag er det sosial status å nytte seg av nynorsk i byar, Bergen inkludert. Det er lenge sidan strilekomplekset døydde ut, noko folk i Hordvik og Åsane òg etter kvart burde få med seg. I det minste synest eg ikkje dei treng øydeleggje for borna sine, sjølv om dei ikkje maktar å overvinne sine eigne kompleks overfor dette rike språket som er ein viktig del av kulturarven vår.

Det er kulturlaust, historielaust og respektlaust å krevje bokmål i Hordvik og Kyrkjekrinsen. Samstundesvil det å velje bokmål vere det same som å syne til heile Vestlandet at dei kjenner seg usikre og som andre rangs bergenserar. I byar som Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen finst det fleire skular der det har vorte oppretta nynorske parallellklasser.

Framtidstenkjande foreldre som fylgjer med i tida, og som er medvitne alle føremonene ein nynorskskule byd på, sender borna sine dit.

Åsabuar kan sjå på nynorskskulane sine som eit byprivelegium, og ikkje som eit bygdeork. Dei fleste bygder i dette landet er ikkje so priviligerte at dei kan sende borna sine til nynorskklasser. Åsane, som har vore ei bygd heilt sidan tidas morgon og like til 1973, er ein bydel for innbarka strilar, og for innflytta byfolk. Alle i Åsane bydel kan leve i harmoni saman med nynorsk som offisielt skulemål. Vert derimot desse to skulane bokmålsskular, ville det vere eit ran av strilane sin identitet.

Difor vonar eg at denne folkerøystinga ikkje ender med at Kyrkjekrinsen— og Hordvik skole vert bokmålsskular. Det ville vere frekt å påtvinge bokmål til dei som trass alt kom fyrst til staden, jamvel om dei er i undertal i dag.

Snorre Sandemose, Salhus