Det er og intervju med ein av dei, Øystein Lund, som meiner at nynorsk er unyttig, og at det er udemokratisk at foreldra til 28 elevar som i utgangspunktet ønskjer bokmål, skal måtta tola at ungane deira blir undervist på nynorsk.

Til dette er å seia følgjande:

Foreldra til ni elevar i neste årskull på Kyrkjekrinsen ønskjer nynorsk. Det er altså mykje meir urett å tvinga desse ni over på bokmål enn at ein av dei 28 går over til nynorsk for å få godkjent språkdeling. Det må som kjent vera minst ti foreldre bak kvart krav om klassedeling. Dersom det finst eit foreldrepar som ikkje er like prinsipielle motstandarar av nynorsk som Lund, slik at dei er villige til dette, så slepp han og alle dei andre 27 bokmålsforeldra å ha nynorsk. Dei får kanskje til og med ein ekstra klasse dersom det flytter til 1-2 nye elevar.

Nynorsk er ikkje unyttig for bergensarar. Fleire og fleire innser dette. I desse dagar er det klart at det blir ein ny nynorskklasse ved Landås skule, i tillegg til den som starta der i fjor. Frå før er det nynorskklassar ved Møhlenpris og Krohnengen skular i sentrum.I Arna er alle skulane nynorskskular, i Fana er det to og i Åsane tre. Dessutan er det nynorske parallellklassar på Liland skule i Ytrebygda. Ein tredjedel av foreldra i sentrumskrinsar som Nordnes og Møhlenpris ønskjer nynorsk, men på grunn av små årskull får dei ikkje klasse. Dei fleste foreldre har få problem med å skjøna at ungane deira har store pedagogiske fordeler med å læra nynorsk før dei lærer bokmål. Undersøkingar viser at dei blir betre både i bokmål og nynorsk enn elevar som startar med bokmål og må læra nynorsk som framandspråk i åttande klasse. I tillegg lærer dei lettare andre språk som engelsk og tysk.

Bergen er Vestlandets hovudstad. Det er berre rett og rimeleg at bergensarar, som i dei fleste tilfelle har røtene sine ein eller annan stad i nynorskland på Vestlandet, let ungane sine læra det språket som dei fleste vestlendingar reknar som sitt, og som er deira naturlege uttrykksmiddel og identitetsmerke. Tal dialekt, skriv bokmål, seier strilen og FrP-politikaren Arvid Blommedal. Ved å seia dette, fornektar han sin eigen bakgrunn og identitet. Salhusvinskvetten har på ein framifrå måte illustrert denne mennesketypen i visa «Halda på målet».

For dei som meiner at kunnskap om språk ikkje betyr noko, kan det nok hevdast at nynorsk er unyttig. Kanskje det er dette Øystein Lund meiner. Men for dei aller fleste skulle eg tru at dei ser det som ein stor fordel at borna deira blir flinke i norsk og lærer å uttrykka seg skriftleg både på bokmål og nynorsk, og i andre språk. Dei ungane som berre lærer bokmål, får etter mi meining ein stor ulempe i forhold til dette.

Elles er eg ikkje redd for ei skulemålsrøysting i Kyrkjekrinsen. Det er berre bra at det blir open debatt om skulemålspørsmål, og det trur eg at nynorsken vil tena på. Med kjennskap til den tidlegare røystinga i 1993 og det som er nemnt ovanfor, trur eg og at dei fleste Åsanebuane i krinsen vil skjøna verdien av å ha nynorsk som hovudmål ved nærskulen sin, og møta opp og stemma nynorsk, når det måtte bli aktuelt.

Av Oddvar Skre

Hordaland Mållag