JAN STEDJE ODDLEIV APNESETH (FOTO) jan.stedje@bt.nSogndal

Kriposetterforskar Rolf Christiansen reiser i dag frå Sogndal etter at han i tre dagar har gått gjennom forsvinngssaka med det lokale politiet.

— Konklusjonen vår er at det er mykje arbeid att. Til no har det ikkje dukka opp spor som peikar i den eine eller andre retning, seier politiavdelingssjef Arvid Fæte til Bergens Tidende.

Rørvik var i Studenthuset Meieriet siste laurdagen i februar, truleg fram til 00.30 natt til søndag 25. februar. Kva som har hendt studenten etter den tid er ei gåte for politiet i Sogndal.

I går ettermiddag tok Røde Kors opp igjen søket i elva. Og søket vil halde fram etter kvart som elveisen opnar seg, ifølgje korpsleiar Arnor Navarsete.

— Me har ingen indikasjonar på kva som har hendt med studenten i Sogndal, og held difor framleis alle alternativ åpne i den vidare etterforskinga, seier politiavdelingssjef Flæte.

Sogndalselva tettast med nett i samband med søk etter den sakna studenten Ole Ivan Rørvik.