OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.no StordI tillegg til å leggja seg ut med tidlegare støttespelarar som kommunane Stord og Bømlo, oppnår det hardt pressa rutelaget inga innsparing i reisetid med ruteframlegget sitt. Tvert om vil båten bruka lengre tid mellom bykommunen Stord og fylkeshovudstaden Bergen.Beinharde økonomiske realitetar og auka konkurranse frå Kystbussen, tvingar HSD til å tenkja nytt for å unngå nedlegging av Flaggruten. Trass oppløftande passasjerutvikling så langt i 2001, går ekspressbåtruta mellom Stavanger og Bergen med underskot, opptil ein million kroner i månaden.HSD sitt nye ruteframlegg gir heller ikkje overskot, men eit behov for seks millionar kroner i tilskot som rutelaget må forhandla med Rogaland og Hordaland fylkeskommunar om. Må svelgja kamelar — Det som er viktig no er å finna gode løysingar, og då må nokon svelgja nokre kamelar. Utan ei løysing er nedlegging av Flaggruten eit høgst reelt alternativ frå 1. mai i år, seier administrerande direktør Per Atle Tellnes i HSD Sjø til Bergens Tidende.- I januar i år hadde vi ein auke i talet på reisande mellom Bergen og Stavanger på 52,2 prosent i høve til januar i fjor, og 13,1 prosent i høve til januar 1999. Det fortvilande er nedgangen i trafikken over Leirvik og Haugesund, seier Tellnes.- Kystbussen er ein stor konkurrent for mellomliggjande distansar. Derfor trur vi det er ei god løysing å lata Flaggruten gå langs Bømlo, der det ikkje går kystbuss, meiner Per Atle Tellnes. Ut med "Baronen" I HSD sitt reknestykke er det teke omsyn til at Flaggruten gjennom Nyleia skal ta opp ein del av trafikken som MS "Tedno" har i dette området. HSD vil redusera snøggbåtflåten med eitt fartøy, MS "Baronen", for å få lønsemd i rutenettet mellom Bergen, Sunnhordland og Rogaland.- "Baronessa" og "Tedno" vil framleis gå til Leirvik som før, men også til Skjersholmane, seier HSD Sjø-direktør Tellnes. Vurderte Føyno Per Atle Tellnes opplyser at rutelaget også har vurdert eit felles anløpspunkt for Bømlo og Stord på Føyno, knutepunktet for Trekantsambandet.- Men å anleggja ny kai er ein kostbar affære. Dessutan har den nedlagte ferjekaien på Skjersholmane god parkeringsplass, han ligg sg nær både næring- og bustadområde, seier Tellnes. Som legg til at det har site langt inne hos HSD-leiinga å rokka ved Leirvik sin sterke posisjon som snøggbåtstad.Per Atle Tellnes røpar at HSD også har sysla med tanken om å splitta opp Flaggruten i ein Rogaland-del og ein Hordaland-del gjennom eit samarbeid med Rogaland Trafikkselskap, og med buss som tilbringarteneste forbi Sletta. Kjempar for Leirvik Stord-ordførar Magne Rommetveit er sterkt imot framlegget om å sløyfa Leirvik som Flaggrute-stogg til fordel for Skjersholmane.- Eg ser at HSD og Flaggruten har store problem og må gjera noko med rutestrukturen. Men å kutta Leirvik er eit feilsteg, seier Rommetveit.- Leirvik har bygt seg opp som det største snøggbåtknutepunktet i landet. Og eitt av Flaggrutens største fortrinn er at ein kan reisa frå sentrum til sentrum. Desse fortrinna må reindyrkast for å halda Flaggruten konkurransedyktig, meiner Stord-ordføraren.