Samstundes må Sogn og Fjordane nøya seg med ein politimeister på deling, mot to i dag. Og mykje av Sunnhordland går med til å utvida politidistriktet som har sete i Haugesund.

Fotballspelar

Ny sjef for onkel politi i Bergen blir Vidar Refvik (52), no ekspedisjonsjef i Justisdepartementet.

For dei fleste i politidistriktet er Refvik totalt ukjend. Men den ferske jubileumsboka til Fotballklubben Voss avslører at han var solid forsvarspelar på Voss sitt A-lag medan han gjekk på skule i bygda.

— Det må ha vore i 1967 eller 68, kommenterer Refvik overfor Bergens Tidende.

Til liks med fotballproffen Isak Arne Refvik, har den nye politimeisteren ætterøter nær den flotte badestranda i Refvik ved Måløy.

På kammeret først

Den nye politimeisteren i Hordaland vil ved årsskiftet etablera seg i Wegner sitt kontor på Bergen Politikammer. Men det er ikkje endeleg avgjort kvar leiinga i det nye politidistriktet skal lokaliserast, utover at det skal vera i Bergen.

Hordaland Politikammer sine lokale på Bradbenken, er eitt alternativ. Det er framleis politifolk i lokala som Landsdelspolitiet for Vestlandet disponerte. Denne eininga er no nedlagt.

Odda

Det nye politihuset i Odda vil bli brukt som politistasjon, der Lensmannen i Odda er integrert. Dei to politijuristane vil heretter sokna inn under politimeister Refvik, men det er uvisst om dei må flytta til Bergen.

— Eg ser ikkje bort frå at det kan vera praktisk å ha desse medarbeidarane i Odda, men korleis vi i eitt og alt skal organisera oss i det nye politidistriktet, er ikkje avgjort, presiserer Refvik overfor Bergens Tidende.

Kamp om stillingar

Prosessen med å plassera folka i organisasjonen er noko av det han først må ta fatt på, i nært samarbeid med sine medarbeidarar. Truleg blir det sett opp ein ny organisasjonsplan og konkurranse om stillingane, utlyst internt mellom dei tilsette i dei tre noverande politidistrikta Bergen, Hordaland og Hardanger.

Politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland er blant dei som må stilla seg i søknadskøen. Han har «berre» vore konstituert i stillinga, sidan mai i år, og har ikkje rett til å halda fram med meistertittel og ýløn, slik som Valvik, Wegner og Rud.

— Eg går ut på dato på nyttårsaftan, spøker han overfor Bergens Tidende.

Til forretningsrådgjeving

Han må dermed søka stilling i den nye organisasjonen med utgangspunkt i si tidlegare stilling som assisterande politimeister.

For at ikkje alle tog skal gå frå han, må han søka no, sjølv om han har fått innvilga eitt års permisjon.

— I permisjonsåret skal eg prøva meg som sjefskonsulent ved PricewaterhouseCoopers si avdeling for forretningsarådgjeving i Bergen, fortel Gudmundsen, politimeistervikaren som har gått gradene i etaten, med start som konstabel i Odda i 1976.

Greiare i Haugesund

For kollega Odd Magne Haaversen i Haugesund blir skiftet mindre komplisert. Han går attende til jobben som politiinspektør og påtaleleiar når politimeister Sjursen kjem att frå Palestina. Her er ikkje juristar frå andre kammer involvert, og neppe aktuelt med intern omkamp om stillingane. Derimot kan det bli ekstern utlysing av stillingar om det trengst i eit utvida distrikt. Jobb i Haugesund kan vera aktuelt for hardingar dersom Bergen blir einaste alternativ i eige distrikt.

Sogndal som Odda

— Sjølv om leiinga av det nye politidistriktet no blir samla i Florø, er det ikkje sikkert at juristane i Sogndal treng vera med meg på flyttelasset, seier politimeister Kjell Ese til Bergens Tidende.

— Det skal no setjast i gang eit prosjekt for å finna den beste måten å organisera oss på. Ein måte er å ha nokre juristar plassert i Florø, andre i Sogndal, som i dag, seier Ese.

I det flunkande nye Politihuset i Gravensteinsgata er politiet smelta saman med Lensmannen i Sogndal, og her vil det framleis vera politistasjon, men utan politimeister. Mønsteret er det same som i Odda.

Rollebyte/persongalleri

BJØRN VALVIK (57) Politimeisteren i Fjordane politidistrikt blir stilt til disposisjon for Politidirektoratet frå årsskiftet. Blir buande i Florø.

KJELL ESE (48) Politimeisteren i Sogn blir frå årsskiftet politimeister for nesten heile Sogn og Fjordane fylke og ein bit av Sunnmøre. Familien flytter frå Balestrand til Florø til våren

ROLF BENJAMIN WEGNER (61) Politimeisteren i Bergen dei siste ni åra blir stilt til rådvelde for Politidirektoratet og flytter attende til Oslo, der han har hus og familie.

GEIR GUDMUNDSEN (46) Politimeisteren i Hordaland har sidan mai i år vore konstituert i stillinga, og har ingen jobbgaranti som dei fast utnemnde. Han tek no eitt års permisjon for å prøva seg i sivil jobb, men vil søkja ny stilling å koma attende til i politiet.

VIDAR PEDER REFVIK (52) Ekspedisjonsjef i Justisdepartementet blir ny politimeister i det meste av Hordaland, medrekna Bergen der han skal ha kontor.

FINN TORGEIR RUD (55) Politimeisteren i Hardanger blir stilt til rådvelde for Politidirektoratet. Bergensaren har budd i Odda sidan 1978 og har ingen flytteplanar.

KARL-HENRIK SJURSEN (55) Kjem attende til sitt gamle kontor i Haugesund, men i eit nytt og større politidistrikt, når han i midten av januar har gjennomført sitt oppdrag i den palestinske byen Hebron på Vestbreidda.

ODD MAGNE HAAVERSEN (49) Konstituert politimeister i Haugesund går attende til stillinga som politiinspektør og påtaleleiar i politidistriktet når politimeister Sjursen kjem att frå Palestina.