Gratis radonmåling, asbestsøk i drikkevatnet, stikkprøvar i jord— og berggrunn for å avdekka eventuelle miljøgifter, kartlegging av vassleidningar av eternitt, eventuelt gransking av mobiltelefonmasta på Midthaugen.

Dette er tiltak Stord kommune vil setja i gong straks, opplyser ordførar Magne Rommetveit.

Aller først skal det lagast ein grundig statistikk over kreftdødsfall og krefttypar i Skotaberg-området, der det er rundt 120 husstandar med i alt 400 menneske.

— Reint statistisk er ikkje Stord kommune overrepresentert når det gjeld krefttilfelle. Heller ikkje einskilde krefttypar i forhold til den nasjonale statistikken, understrekar ordføraren.

Kommunen sitt handlingsprogram er eit resultat av møtet tysdag mellom Magny Huseth frå Skotaberg, ordførar Magne Rommetveit, kommunelege Lars Helge Sørheim, kommunalsjef Knut J. Gram, miljøvernrådgjevar Oscar Ingebrigtsen og Kurt Oddekalv frå Norges Miljøvernforbund.

På privat initiativ har Magny Huseth dei siste 20 åra registrert 29 krefttilfelle på Skotaberg like ved Leirvik sentrum. Etter framlegg frå Kurt Oddekalv er undersøkingsområdet utvida i forhold til buområdet der Huseth har gjort sine registreringar. Handlingsprogrammet skal omfatta alle husstandar i vegadressene Skotabergsvegen, Storasletto, Flathaugane, Midthaugen, Sandbrekko, Sponavikdalen og Sponavikvegen.