ARE KALVØ

Dette viktige arbeidet utfører dei som kjent ved å gjere alt dei kan for å få sparka statsrådar eller liknande som har aksjar, styreverv, vennar, slektningar, kjenningar, interesser, meiningar om saksfeltet dei skal arbeide med, eller som av andre openberre grunnar er uskikka for arbeidet som statsråd.

Derfor er det ikkje underleg at mange journalistar har reagert med forundring og sinne på at ein engasjert kollega ikkje får lov til å vere programleiar for eit program ingen engasjerte menneske burde ha noko som helst slags ønskje om å vere programleiar for.

VI KAN IKKJE hamne i ein situasjon der vi stiller like strenge krav til journalistar som journalistar stiller til for eksempel politikarar. Då ville jo nesten ikkje hatt journalistar igjen.

Og kva skulle vi gjort då?

Kven skulle passa på makta då?

Nettopp.

Då kunne vi risikere at statsrådar med aksjar eller slektningar eller vennar berre fekk halde fram i jobbane sine. Kanskje heilt til dei blei ferdige med det dei hadde tenkt å gjere.

Og det er ingen tente med.

Og vi hadde hamna i ein situasjon der alle oppslag, debattar og intervju om Nome-saka måtte kuttast ut av habilitetsomsyn. Byrjar ein å grave litt i alle kommentarane, debattane og intervjua om denne saka, så vil ein fort finne at svært mange av dei som har snakka og skrive og kommentert og debattert med kvarandre, faktisk er gamle kjenningar. Fleire av dei er kollegaer eller tidligare kollegaer.

Dei er i slekt med nokon som har med saka å gjere, har vore til sengs med nokon som har vore gifte med nokon som har med saka å gjere, har søkt på dei same stillingane ein gong, er medlemmer i same organisasjon, har same stampub, har delt rom ved ei misforståing under eit etikkseminar ein gong. Og liknande.

MEN, sjølv om det i denne saka finst rikeleg med eksempel på det journalistar gjerne kallar uheldig samrøre når dei avdekker liknande forhold for eksempel i politikken eller i næringslivet, skal ein då berre erklære alle saman inhabile og avblåse debatten?

Naturlegvis ikkje.

Kva slags samfunn hadde vi fått då?

Då hadde vi fått eit samfunn der ingen kunne diskutere tv-programleiarar på tv og ingen kunne drive viktig arbeid for å finne ut om statsrådar har slektningar, vennar eller aksjar.

Og kva skulle vi ha skrive og snakka om då?

Krig?!