Før var plaskebasseng oppblåsbare små, mangefarga greier noko ein kjøpte til småungar. Det vart det ei endring på i fjor. Folk hadde tømt butikkane for dyre trampoliner, og leiketøybransjen fann ut at folks kjøpevaner var endra.

— Vi må stadig finne på noko nytt, seier administrerande direktør Gro Svendsen i Intertoy, som importerer varer for Ringo-butikkane.

Difor byrja dei, saman med ei rekkje andre aktørar å importere hage-basseng på opp til 4,6 meter i diameter og 1 meter djupne. Bassenga kostar 4000-5000 kroner i utsal, det same som dei store trampolinene.

— I utgangspunktet held vi i leiketøybransjen på å svime av at det gjekk an å selje produkt til 4000-5000 kroner. Vi er ikkje vande med slike prisar. Men det vi såg var at dette gjekk på eit heilt anna budsjett, på familiebudsjettet og ikkje leikebudsjettet, seier Svendsen.

Ho får støtte frå kjedeansvarleg Morten Lysnes i Nordstar, som er agent i Norge for det leiande badeball- og bassengmerket Intex, som ein mellom anna finn i Brio-butikkane.

— No har bransjen forstått at det går å selje litt dyrare varer, seier han.

Nedfelt basseng

I mai i år vart bassenget til familien Askeland på Sotra gjort ferdig. Jan og Lillian Askeland valde å byggje ein terrasse rundt bassenget. Bortsett frå då familien var på ferie, har bassenget vore nytta kvar dag av minstedottera på ni år. Sjølv då det regna. Dei to sønene på 13 og 15 år nyttar òg bassenget flittig.

— Vi kjøpte det for at borna skulle ha eit basseng, seier Jan Askeland.

Familien betalte 6400 kroner for bassenget for to år sidan. Jan Askeland hadde ikkje tid til å setja det opp før i år.

— Kvifor kjøpte de ikkje ei trampoline til borna i staden?

— Det har bestefaren deira, forklarer Jan Askeland.

Femdobling av salet

Medan Intertoy kan rapportere om nedgang i salet av dei største bassenga, frå 500 i fjor til 300 i år, har salet skote veret for andre importørar.

— Vi har seld ut absolutt alt vi kan skaffe i år, seier Morten Lysnes i Nordstar.

Dei har tre typar store basseng frå 3,7 til 4,6 meter i diameter. Dei har sendt ut om lag 500 slike basseng til no i sommar, men han reknar med at dei minst kunne seld det dobbelte.

Martinsen & Co. på Klepp, som sel slike basseng til møbel- og billigkjeder, har femdobla salet i høve til fjoråret, frå 500 til 2.500 basseng.

— Det har utan tvil starta no, og det kjem til å bli enno større neste år, seier sals- og innkjøpsansvarleg Kenneth Danielsen i Martinsen & Co.

Han ser for seg ei liknande utvikling som for trampoliner, der salet har eksplodert dei siste åra.

Alt tyder òg på at trampoliner sel som aldri før. Fleire av butikkane har problem med å skaffe nok. Held folk fram med å skaffe seg slike digre leiker framover blir det store spørsmålet etterkvart: Kven har stor nok hage til alt?