PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bergens-tidende.no

Likevel fekk påtalemakta ikkje fullt ut medhald i sitt krav om fire nye veker. Nordfjord forhøyrsrett meinte to veker fengsling er nok, men etterkom kravet om brev— og besøkskontroll i fengslingstida.

Det var i førre veke at Økokrim utvida siktinga til også å gjelde grov utruskap mot selskapet OK Fish, ved å føre vel 20 millionar kroner av ein kjøpesum over til eit anna selskap. Frå før er Jarle Kvalheim sikta for å urettmessig ha fått refundert moms for 220 millionar kroner.