Regionsjef for NSB Vest, Marit Petersen, stadfestar at eit nytt togselskap tidlegast kan ta over trafikken på Vossebanen i desember 2005.

Opphavleg skulle NSB få konkurranse allereie i år. Problemet er at Samferdselsdepartementet ikkje klarer å finne ut kva slag krav som skal stillast til dei som vil by NSB konkurranse om trafikken.

Så seint som i mars heldt departementet fast ved at konkurransen skulle kome i gang i år.

Konkurranse om pris

I dag betaler staten NSB for å køyre lokaltog på Vossebanen, mellom Bergen og Myrdal. Før vart dette kalla subsidiar, no er ordet «statleg kjøp» av transporttenester.

Regjeringa vil invitere andre togselskap til å forsøke å overta denne trafikken. Prinsippet i slike konkurransar er at den som krev minst støtte for å drive får oppdraget.

Men kva skal det konkurrerast om? Kor ofte skal toga køyre, kva skal vere standarden på materiellet og framfor alt; skal pendlarane mellom Voss og Bergen framleis få lov å bruke NSB sine fjerntog, sjølv om eit nytt togselskap får overta lokalrutene?

Teknisk er det mogleg med eit samarbeid med felles månadskort for NSB sine fjerntog og lokaltoga til ein eventuell konkurrent.

Spørsmålet er om det er mogleg å bli samde om prisen på samarbeidet. Går ikkje det risikerer vossingane å bli utestengde frå NSB sine tog til og frå Bergen.

Like dyrt

Leiaren i samferdselskomiteen på Stortinget, Petter Løvik, sa i Bergens Tidende i går at han var skeptisk til å gi NSB meir pengar for å køyre tog.

Staten subsidierer NSB med 1,4 milliardar kroner for å oppretthalde trafikken på ulønsame strekningar. Poenget med å invitere til konkurransen om trafikken, mellom anna på Vossebanen, er å få ned statstøtta.

Det er det ingen grunn til det, seier leiaren for Connex Norge, Kjetil Førsvoll, ein av kandidatane til å by NSB konkurranse på skinnegangen.

Førsvoll meiner at Staten sitt tilskot bør vera like stort som før, og at selskapa må konkurrere om å yte det beste produktet.

— Vår kalkulator verkar ikkje annleis enn NSB sin, poengterer han. Og heller ikkje Connex sine tog kan halda ruta dersom noko er gale med skinnegangen.