Det same fortel den ferske namnestatistikken anno 2001. Både Julie og Markus, dei mest brukte namna i fjor, var rimeleg populære også for vel hundre år sidan.

Dagens nybakte foreldre tek føre seg slektstrea sine, leitar etter originale namn dei likar, vel det dei likar best. Dermed driv dei oppkalling, men på ein ny måte. Dei treng ikkje ta omsyn til gamle dagars strikte reglar for namnebruk. Likar dei ikkje nokon av namna som er i slekta, finn dei eit heilt anna namn.

— I dag er namnevalet eit heilt fritt val. At nokon meiner dei ikkje har dette valet, er sjeldan, seier Nybø, som lurer på kva foreldra på Rondestveit hadde gjort om dei ikkje likte det namnet som stod for tur der.

Liv Nybø, som er student i kulturvitskap, har intervjua ei gruppe foreldre i universitetsmiljøet i byen og ei gruppe på bygda om korleis dei vel namn til borna sine. Begge stader er dei opptekne av å kunna gje borna det dei oppfattar som gamle norske namn.

Bynamn og bygdenamn

Bygruppa vel gamle namn frå byborgarskapet, namn som Emilie, Henrik, Thea og Nora. I bygdegruppa fann ho mange namn som Lars, Knut, Anna, Ingeborg og Anders. Mange av desse borna har fått namn etter nokon i slekta.

Somme namn er heilt fråverande i begge gruppene Liv Nybø har intervjua.

— Namn som kom på moten kring 1940, som Kjell og Gerd er blant dei minst brukte på born i dag. Ei av årsakene kan vera at desse framstår som kjedelege, og minnar for mykje om foreldregenerasjonen til dei som føretek namnevalet. Men minst aktuelle synest etterkrigsnamn som Johnny å vera. Dei vert rekna som for lettvinte og utan tyngde.

Namn som finst i slekta

Dagens oppkalling handlar ikkje om konsekvent å bruka om att namna til besteforeldra, men meir om å bruka eit gammalt namn som finst i slekta, og for det meste namn som var vanlege for hundre år sidan.

Mange er dessutan opptekne av å finna namn som ikkje er brukte av så mange. Ofte opplever desse at nett det namnet dei valde brått blir svært populært. Det skuldast at namnetilfanget var mykje mindre før, og at mange difor endar opp med dei same «spesielle» namna etter å ha dukka ned i slektsbøkene.

Liv Nybø kjenner til døme på at foreldre har angra på namnevalet og endra på namnet til barnet. Det skjedde fordi namnet dei valde brått hamna på namnetoppen. Dei vil ikkje at barnet skal hamna i klasse med tre andre born som heiter det same.

Kari Sofie Tellefsen

Arve Tellefsen si mykje omtala nyfødde dotter har fått namnet Kari Sofie. Ho er oppkalla etter kvinner i slekta si, og denne vesle jenta kan koma til å bli ein liten trendsetjar. Jentenamna Ingrid og Sara gjekk til topps på namnestatistikkane då Sissel Kyrkjebø døypte døtrene sine. Malin auka i popularitet etter at Vår Staude i TV 2 tok i bruk dette namnet på si dotter.

Kari er eit av namna i dagens besteforeldregenerasjon som lenge har vore lite brukt. Men Kari var også eit populært namn for hundre år sidan.

— Om eg skal gje råd til foreldre som ønskjer eit namn som ikkje alle andre har i dag, må det bli å sjå på namna frå 30- og 40-talet. Før eller seinare vil alle namna frå den tida (Odd, Kjell, Kari, Liv, Gerd, Randi, osv.) koma i bruk for fullt, meiner ho.

— Men dei må kanskje bli litt meir eksotiske først.

Same trend i andre land

— Oppkalling er blitt meir vanleg i mange vestlege land, fortel Liv Nybø. I England er det påfallande mange fleire enn på lenge som blir kalla James, Joseph, George, Emily, Hannah, Emma og Amelie. Jentenamna er altså svært like våre mest populære jentenamn nett no.

— I USA minnar namnelistene mykje om dei anno 1900. Der er dessutan afroamerikanarar byrja å velja afrikanske namn att. Det å visa etnisitet i namnebruken er heilt tydeleg svært populært, seier Liv Nybø.

— Kort sagt ser folk at gamle namn er moderne, og dei fleste vil gjerne vera moderne, men vil likevel ikkje velja namn som «alle» andre vel.

Ved å velja gamle namn frå eiga slekt, kan ein difor vera moderne samstundes som ein er original, seier ho.

VIL VERA ORIGINALE: - Når foreldre skal velja namn til borna sine, vil dei vera både moderne og originale, seier hovudfagsstudent Liv Nybø. Ho veit om foreldre som har endra namnet til barnet sitt etter at dette namnet hamna på den norske namnetoppen.
FOTO: ARNE NILSEN