LARS MÆLANDStord

— Det er veldig viktig både for passasjerar og tilsette ved flyplassen at bygginga av nytt terminalbygg omsider kjem i gang. Dette har me venta på lenge, og nybygget til vel ti millionar kroner vil gjera det meir attraktivt å nytta flyplassen på Stord, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Heilt sidan starten i 1985 har dei reisande hatt relativt kummerlege forhold på Stord-flyplassen. I rekordåret 1998 nytta over 52.000 den kommunalt- og fylkeskommunalt eigde flyplassen, og det meste var klart for ei nytt terminalbygg til 25 millionar. Dalande aktivitet i offshore-industrien bremsa det prosjektet, og reduserte det heile til 10-millionarsbygget nestleiar Kåre Martens i styret for flyplassen i går kjørte i gang frå lånt gravemaskin.

Viktig for Stord - Tidlegare har me prioritert oppgradering av flyplassen teknisk og sikkerhetsmessig. No er det på tide at passasjerar og tilsette får det betre, og det å ha ein lokal flyplass er enormt viktig for næringslivet, seier Stord-ordførar Magne Rommetveit.