ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

Kafeteria— og restaurantdrift både inne og ute skal saman med suvenirhandel skaffa opplevingssenteret i Øvre Eidfjord auka inntekter.

— Sjølv med besøkstal rundt 55.000 i året, 57.000 i fjor, er det avgrensa kor mykje pengar det kan bli av billettsalet, seier administrerande direktør Oddvar Brakestad.

I den nye Hardangerviddahallen tvers over vegen for noverande bygning skal han ikkje selja billettar i det heile. Derimot skal det seljast mat og suvenirar. Matkonseptet blir noko heilt nytt, hevdar han, men nektar å røpa detaljar.Nybygget skal stå ferdig i april 2002. Entreprenør Samson Tjoberg (82) i Kinsarvik og hans folk skal vera i gang med arbeidet no i mars.

Huset er teikna av Arkitektgruppen Cubus i Bergen, inspirert av natur og bygningskultur på Hardangervidda. Gamle steinbuer med bindingsverk i tre har stått modell.Ein eksistreande steingard skal byggast vidare tvers gjennom hallen og visa veg til fjells på baksida. Det er mykje glas i fasadane.I tillegg til opplevingssenteret sin kommers og administrasjon skal hallen gje plass til kontor, verkstad og undervisningsrom for Statens Naturoppsyn. Bruttoarealet er nær 1260 kvadratmeter.Arealet som blir ledig i noverande bygning når kafeen flyttar ut, gir plass til Hardangervidda Museum, ei nyvinning der framståande ekspertise er engasjert. Investeringane ved opplevingssenteret og Choice Vøringfoss Hotell utgjer over 100 millionar kroner på toppen av fornyingar ved andre turistbedrifter i Eidfjord.

Brakestad vedgår at dei har gambla på at storsamfunnet ikkje vågar å vinterstenga riksveg 7 over Hardangervidda.

— Blir vegen stengd fram til 1, juni, taper vi tredelen av inntektepotensialet vårt, og økonomien blir kritisk, seier han

SÆRMERKT: Hardangerviddahallen får torvtak i pakt med landskapet, halde oppe av tradisjonsrikt bindingsverk i grovdimmensjonert furu, Steingarden går tvers gjennom huset og glasfasadane. Eksisterande bygning til venstre. (Skisse: Arkitektgruppen Cubus AS)