DET ER GRUNN til å lytta til Paul-Christian Riebers tankar om å flytta noko av skattetrykket frå formue og arbeidsinntekter til meir skatt på kapitalinntekter, bil, båt, hus og hytte.

Norsk næringsliv blir ikkje skatta i hel. Tala som har vore presenterte den siste tida viser at det samla skattetrykket for norske verksemder truleg ligg på gjennomsnittleg europeisk nivå.

Skattlegging er ikkje berre innhenting av pengar til offentleg verksemd. I tillegg skal skattefordelinga helst vera innretta slik at ho ikkje legg kjelkar i vegen for utviklinga av ein sunn samfunnsøkonomi. Og aller helst framstå som rettferdig, pårekneleg, med generelle, allmenne reglar, utan ribbevegger for advokatar og akrobatar.

Det har skjedd ei vesentleg omlegging frå skatt på inntekt til skatt på forbruk etter den førre skatteomlegginga i 1992. Noreg har ein av dei høgaste momssatsane i Europa, og det er truleg ikkje stort meir å tyna ut av den kua i overskodeleg framtid.

I EIGEDOMSSKATTKONKURRANSEN ligg derimot Noreg på botnnivå. Det har ført til store formuesoverføringar frå dei som leiger til dei som eig i etterkrigstida. Det har også ført til ei skattemessig motivert forvriding av investeringane frå produktive verksemder til parkett og fliser og torvtak.

Bergen er eit illustrerande og tragisk døme i så måte. Store kapitaleigarar har i hopetal slått seg opp i eigedomsmarknaden, med små risiko og ørsmå bidrag til stats— og kommunekasse, medan viktige satsingsområde i produktive verksemder aldri kjem ut or inkubatoren på grunn av kapitaltørke.

Privatøkonomien er prega av same skattevrien. Dei som sparer i eigedom og har stor gjeld, er statens favorittbarn, medan alminnelege småspararar med lågt personleg forbruk blir banka gule og blå med skattelovparagrafane.

IKKJE BERRE ER eigedomsskattane låge, den norske stat har i tilgift gjeve skattefrådrag for gjeldsrenter. Det er sanneleg ikkje mange andre statar som er så snille.

Huseigarvernet er ei av dei heilagaste kyrne i norsk politikk. Det skal stort mot til å slakta henne. Men overgang til høgare eigedomsskattar, for skatteobjekt som ikkje kan flaggast ut, kunne gjera det lettare å redusera formuesskatten, som i teorien også omfattar utflaggingsobjekt.

I praksis er det få rikingar som betaler formuesskatt, det er ein skatt som lett kan druknast i gjeld på eigedom og ikkje-børsnoterte aksjeselskap.

I praksis er det pensjonistar med nedbetalte hus og pengar på bok som betaler formuesskatt. Det ville ikkje bli særleg mindre rettferd i verda om Arne Skauge fekk avvikla dette narrespelet. At han i så fall ville gleda både Paul-Christian Rieber og minstepensjonistane, er det ingen ting å seia på.