PER MARIFJÆREN per.marifjaeren.@bt.no

Så langt vil ikkje påtalemakta bruke rasehets-paragrafen mot tiltalte i Beheim Karlsen-saka. Blir avgjerda ståande, meiner advokat Gunnar Solbraa at det nærmast er uråd å få nokon tiltalt for rasisme her i landet Solbraa representerer foreldra til Arve Beheim Karlsen, som i april 1999 drukna i Sogndalselva etter å ha blitt jaga gjennom sentrum av to ungdommar.

Når Solbraa no på nytt klagar på tiltalevedtaket, blir det tredje gangen 1.statsadvokat Jan Hoel må vurdere om den såkalla rasisme-paragrafen kan brukast i saka. Med debatten i kjølvatnet av drapet på Holmlia i Oslo, er spørsmålet meir brennheitt enn nokon gong.

Ta kvardagsrasismen på alvor Etter at den første tiltalebeslutninga var klar, klaga Solbraa og fekk medhald på to av tre punkt. Men på det mest sentrale punktet, nemleg kravet om at den eine av forfølgarane må tiltalast etter paragraf 135a i straffelova — den såkalla rasismeparagrafen - nekta statsadvokaten å ta ut tiltale. No har altså Solbraa på nytt påklaga avgjerda.Ifølgje Aftenposten er berre seks personar dømt etter denne paragrafen dei siste 24 åra.

— Beheim Karlsen-saka illustrerer problemet på ein svært god måte, seier Solbraa til Bergens Tidende. - I denne saka er det ingenting til hinder for å bruke rasehets-paragrafen, dersom påtalemakta ønskjer det. Men det ser ut som dei manglar viljen til å ta kvardags-rasismen på alvor. For dersom ikkje det Arve opplevde i sitt siste leveår var rasisme, så forstår eg ingen ting.

"Feil hudfarge" I straffelovas 135a det eit vilkår at dei rasistiske utsegnene blir framsett offentleg eller "på annen måte spres blant allmennheten".Til no har påtalemakta hevda at dette vilkåret ikkje er oppfylt, at det ikkje i stor nok grad var tiltalte sitt forsett å framsette trugsmåla og hetsen mot Arve offentleg. Som advokat for dei pårørande er Solbraa heilt usamd i vurderinga. - Klart at det var mange som høyrde og visste om hetsen mot Arve. Det var mykje folk i Sogndal sentrum då dei sprang etter Arve og ropte "drep denne negeren", og han vart trakassert framfor vitne på fleire ungdomsfestar, seier Solbraa.

Ifølgje Solbraa har tiltalte dessutan fleire gonger sagt at han ikkje hadde noko imot Arve, men at han "hadde feil hudfarge".

Vurderer ny etterforsking - Slik påtalemakta har lagt dette opp, er det meiningslause krav for å kunne bruke rasismeparagrafen, seier Solbraa.1.statsadvokat Jan Hoel stadfestar overfor BT at han har motteke klaga frå Solbraa. Han har ikkje tatt saka opp til ny vurdering, men lovar å gjere det raskt. Rettsaka mot dei to Naustdals-ungdommane er beramma til 13. mars.

Les også:

Tusen sa nei til rasisme Får ikkje bistandsadvokat Rasisme og ansvar - Den tause majoritet må våkne Rasisme-direktiv til statsadvokatane

PRØVER IGJEN: Dersom ikkje rasismeparagrafen kan brukast i denne saka er det nærmast uråd å få nokon tiltalt for rasisme her i landet, meiner advokat Gunnar Solbraa som representerer foreldra til Arve Beheim Karlsen. (FOTO: ØYSTEIN TORHEIM)