Han har dei siste ni åra vore reporter ved NRK, Sogn og Fjordane. — Eg var betenkt då eg fekk tilbodet om å søke jobben etter Gerhard Haugland, serleg fordi eg nett var komen i gang som videoreporter ved NRK-kontoret i Sogndal, seier Pedersen til Bergens Tidende.

Sogn Avis er den nest største avisa i fylket, med eit opplag omkring 10.000. A-pressa er aksjonær i avisa, men dei største eigarinteressene sit på private hender i Husabø-familien i Leikanger.