Av olje— og energiminister Olav Akselsen

Olje- og gassindustrien er mellom dei største inntektskjeldene til statskassen og den desidert største eksportnæringa i landet. Bransjen er også ein av dei største arbeidsgjevarane i landet, med nær 70.000 direkte sysselsette. Ap-regjeringa arbeider hardt for å sikra offshore-industrien så gode rammevilkår som mogeleg.

I samband med revidert nasjonalbudsjett har regjeringa oppjustert talet for dei venta investeringane i år med 13 milliardar kroner til 61 milliardar kroner. Dermed vert investeringsnivået i år høgre enn i fjor. Regjeringa har òg oppjustert venta investeringar for 2002 til 52 milliardar 2001-kroner. Kostnader til leiteboring og leiteinvesteringar knytta til petroleumsverksemda er inkludert i desse tala. Berre i løpet av det siste året har styresmaktene godkjent 12 utbyggingar med samla prosjektinvesteringar på om lag 50 milliardar kroner.

Desse tala gjev grunn til optimisme i olje- og gassindustrien. Næringa har vore gjennom ei vanskeleg tid, og som døme på dette vart 18.000 årsverk kutta i tida august 1999 til august 2000. Det var faktisk kvar femte jobb. Ingen andre næringar i landet vårt har vore gjennom ein slik hestekur. Men det positive med denne tida er at omstillingane i norsk offshore-industri har vore vellukka. Næringa framstår no som meir konkurransedyktig enn nokon gong. Ap-regjeringa har vore med og lagt grunnlag for ny vekst. Norge har gassressursar for 100 år til, og oljeressurser som vil vare i nye 30 år. Skal me klare å utnytte desse ressursane krev dette store investeringar også i åra som kjem.