Berre to år etter at mangel på lokomotivførarar i sommarferien førte til toppsjef Osmund Uelands fall, står NSB overfor ei ny lokførar-krise. Sjølv om stadig fleire vil reisa med tog, må NSB redusera rutetilbodet.

Må kutta

— Det blir ingen endringar rett over nyttår, men vi slit med å legga ruteplan etter 17. juni 2002 som er like omfattande som for inneverande ruteperiode, stadfester informasjonssjef Arvid Bårdstu i NSB overfor Bergens Tidende.

— Bergensbanen får neppe nokon reduksjon. Etter vår tankegang må ruter med stappfulle tog skjermast. Kutta bør koma der toga er 90 prosent tomme, seier hans kollega Preben Colstrup på driftssida.

Vintertrafikken på Flåmsbana står dermed lagleg til for hogg. I satsinga på heilårstrafikk går det no fem daglege tog i kvar retning mellom Myrdal og Flåm. Passasjerane har god plass.

Lover kamp

Etter privatiseringa er det Flåm Utvikling AS som har driftsansvaret for Flåmsbana. Dei kjøper avtalte togtenester av NSB.

— Vi har ein avtale som NSB ikkje berre kan slå ein strek over, seier dagleg leiar Olav Lühr til BT. Han varslar kamp om kvar avgang.

Årsaken til lokførarmangelen er først og fremst at avgangen er større enn tilveksten, fortel Colstrup.

— Vi er inne i nye tider. Nokre sluttar heilt, nokre ber om andre oppgåver i NSB og andre trappar ned arbeidstida før pensjonsalderen, fortel han

Etter det Bergens Tidende forstår er fleire lokførarar rekrutterte til mellomleiarstillingar i NSB, som på ny er under omorganisering.

— Korleis er rekrutteringa?

— I vår vart det sett i gang to kull tett etter kvarandre slik at vi får 32 nye førarar klare om cirka eitt år. No har vi auka inntaket til 18 aspirantar i kvart kull. Men tiltaka hjelper ikkje på situasjonen til neste haust, seier Colstrup.