TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no Havyard Stål AS, som skipsverftet på Eid no heiter, har inngått kontrakt på bygging av eit fiskefartøy på 70 fot til eit selskap i Sortland i Nordland. Etter det Bergens Tidende kjenner til er kontrakten verdt i underkant av 25 millionar kroner. Det er selskapet Olagutt AS i Sortland, eigd av Håkon Gulvik, som har bestilt snurpe— og snurrevadfartøyet. Arbeidet på fiskefartøyet tek til tidleg i mars, og båten skal overleverast 20. oktober. 35-40 tilsette Ved verftet på Eid har 11 personar i dag arbeid med bygging av eit større oppdrettsanlegg. Den nye kontrakten gjer at talet på tilsette vert auka til 35-40. Dette skal skje ved at tidlegare tilsette ved verftet får jobb att.- Alle desse har fått seg anna arbeid etter at det vart stillstand ved verftet. Men vi har folk som er villige til å komme tilbake. Utan den responsen vi har fått frå tidlegare verftstilsette, hadde vi ikkje kunna gjort den satsinga vi no gjennomfører, seier dagleg leiar Oddgeir Nygård i Havyard Stål AS. Frå skrog til fisk Skipsverftet på Eid har skifta eigar fleire gonger dei siste åra. På seinsommaren i fjor kjøpte selskapet Havyard, eigd av Per Sævik, verftet frå konkursbuet etter Hellesøy Nordfjord. Sævik eig også det langt større skipsverftet i Leirvik i Ytre Sogn. I fleire år var skipsverftet på Eid eit reint skrogverft. Dei nye eigarane legg no om, og satsar på at bygging og ferdigstilling av fiskefartøy skal vere nisjen som gjev stabile arbeidsplassar og aktivitet.I samarbeid med søsterselskapet i Ytre Sogn skal Havyard Leirvik utviklast til eit konkurransedyktig verft i marknaden for mindre fiskefartøy. Leiinga ved verftet meiner fasilitetane på Eid er ideelle for bygging av slike fartøy.Det er designfirmaet Naval Consult på Raudeberg i Vågsøy som har teikna og utvikla fartøyet.