TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Etter det Bergens Tidende kjenner til, arbeider Statens vegvesen no med planar om å starte arbeid for å førebu tunneldrivinga gjennom Sælthunåsen alt etter sommarferien. Planen er mellom anna å få bygt anleggsvegen fram til den nye tunnelen. Etter nyttår er det meininga at sjølve tunneldrivinga skal ta til.Vegen gjennom Lærdalsdalen er ein av dei verste flaskehalsane som står att på stamvegen mellom Bergen og Oslo.I Nasjonal Transportplan ligg utbetring i Sælthunåsen inne i perioden 2002 til 2005. Lærdal-ordførar Olav Wendelboe stadfestar overfor Bergens Tidende at vegvesenet har orientert kommunen og grunneigarane i området om at det alt i haust kan verte anleggsarbeid i området.