Kloster til Bjerke med vrak KVINNHERAD: Ap-ordførar Aksel Kloster (bildet) i Kvinnherad har vendt seg til miljøvernminister Siri Bjerke i eit siste forsøk på å heva vraket av fraktebåten "Tyr" som har lege søkkt på grunt vatn ved øya Hidle mellom Halsnøy og Stord i ei årrekkje. Vraket er til sjenanse for både fiskarar og småbåtturistar. Firmaet som eigde båten eksisterer ikkje lenger, og Kvinnherad kommune får ikkje pengehjelp til hevinga hos korkje Hordaland politidistrikt, Fylkesmannen, Statens forurensningstilsyn eller Kystverket. Heving og opphogging vil kosta over ein million kroner. Aksel Kloster ber departementet om statleg hjelp til å finna ei løysing. Russisk fiskar sakna SELJE: Ein russisk fiskar som sist blei sett på ein russisk fiskebåt ved Stad måndag, blei tysdag meld sakna. Då hadde båten alt nådd Helgeland, og mannen kan difor ha hamna i sjøen ein stad mellom Stad og Helgeland. Det er ikkje organisert nokon leiteaksjon etter den sakna russaren. Slått i svime ODDA: Ein person måtte innom Fylkessjukehuset i Odda for kontroll etter at han vart slått ned utanfor drosjesentralen i hardangerbyen tidleg tysdag ettermiddag. Då politiet kom til, låg offeret medvitslaus på bakken. Ambulanse vart tilkalla. Mannen som var mistenkt for å stå bak ugjerninga, møtte sjølv opp på politivakta nokre timar seinare. Han vart pågripen og sikta for å ha stått bak valdshendinga, melder Oddaporten. Nei til deponering av matavfall FØRDE: Statens forurensningstilsyn (SFT) opprettheld forbodet mot å deponere våtorganisk avfall på Hesjedalen avfallsplass i Førde. Avgjerda betyr i praksis at Sunnfjord Miljøverk, selskapet som eig den store avfallsplassen, no kan bli tvinga til å sortere matavfall frå ei rekkje kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn. SFT meiner eit forbod mot å deponere våtorganisk avfall vil gje store reduserte miljøulemper frå deponiet. Dei ber no Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vurdere kva som er rimeleg frist for når forbodet skal tre i kraft. Fabrikk manglar vatn HØYANGER: Vadheim Elektrochemiske Fabriker slit med vassmangel. Fabrikken produserer til vanleg straumen dei brukar sjølve frå kraftanlegg på Rørvikfjelllet mellom Høyanger og Fjaler. Men tørken dei siste månadene gjer at fabrikken no må kjøpe halvparten av straumen, melder NRK Sogn og Fjordane. Siktet for ran av bensinstasjon KINSARVIK: Politiet har pågrepet ytterligere en person som er siktet for å ha ranet en Esso-stasjon i Kinsarvik for snart to uker siden. Den 34 år gamle mannen ble pågrepet i Kinsarvik i går. Han har trolig oppholdt seg østpå i tiden etter ranet. Mannen vil bli fremstilt for varetektsfengsling i dag. Ranet ble utført av to personer. Med kniv truet de til seg omsetningen fra bensinstasjonen. En 24-åring ble før helgen pågrepet og varetektsfengslet for fire uker i samme sak. Begge nekter straffskyld. Fengslet for trusler HAUGESUND: En mannen ble i går varetektsfengslet for fire uker av forhørsretten i Haugesund. Mannen er siktet for trusler mot brann— og politifolk som rykket ut til en brann i Etne natt til tirsdag. Den varetektsfengslede er også siktet for en del tyverier.