TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no FørdeTomasgard, tidlegare mangeårig president i Den Norske Veterinærforening, meiner måten det norske landbruket er organisert på, gjer det ekstremt vanskeleg å få kontroll med eit munn— og klauvsjukeutbrot.- Innanfor norsk landbruk er det bygt opp ei sørvis- og rådgjevingsteneste som bøndene nyttar seg av i stor grad. Medaljens bakside er at dette fører til veldig stor trafikk på norske gardsbruk. Tankbilar og dyretransportar køyrer frå gard til gard. Produksjonsrådgjevarar og dyrlegar er dagstøtt innom ei rekkje bruk. Alt dette gjer at smitte på ein gard kan spreiast til mange bruk nærast over natta, seier Tomasgard. Skrekkscenario Dyrlegen i Førde skisserer følgjande skrekkscenario:Ein gard har fått smitten. Tankbilen kjem til dette bruket for å hente mjølk, og dreg med seg smitten. Viruset lever i tre-fire dagar. Dei neste tre-fire dagane vil denne tankbilen vere innom kanskje bortimot 30 andre gardsbruk. På under ei veke kan altså 30 buskapar i området denne tankbilen køyrer, ha vorte smitta. I same periode kan mjølk frå dette området vere overført til andre delar av landet, t.d. Austlandet. Dermed vil smitten også vere overført dit.- Tankbilar som hentar mjølk er berre ei slik mogleg smittekjelde. Det finst mange fleire, seier Gisle Tomasgard. Snøball som rullar fort Bilda av heile buskapar som går opp i flammar på dei britiske øyane, har skapt redsle og bortimot panikk over store deler av Europa. Veterinæren i Førde legg ikkje skjul på at han er uroa, og at alle bør ta svært alvorleg på situasjonen som har oppstått. - Eg trur vi må ta inn over oss at eit utbrot av denne sjukdomen her i landet, vil verte ein snøball som det kan vise seg vanskeleg å stoppe. Vi kan få ein situasjon der i alle fall store deler av norsk storfehald kan vert bortimot slått heilt ut, meiner Tomasgard. Samfunnet har skuld Sjølv meiner Førde-dyrlegen at kravet om lågare prisar på mat er ein av grunnane til auken i dyresjukdomar.- Kjedane pressar prisane nedover, forbrukarane meiner mat er for dyrt og politikarane kastar seg på for å få billegare produkt. Det fører til eit press på bønder og industrien om å produsere billegare og meir rasjonelt. Det fører til større gardar, færre meieri og slakteri og lengre transportar. Alt fører til større smittepress. Heile samfunnet får ta ansvaret for den utviklinga vi no ser.

UROA: Distriktsveterinær Gisle Tomasgard fryktar det kan verte svært vanskeleg å få kontroll over eit munn- og klauvsjukeutbrot i Norge.Foto: Oddleiv Apneseth