Det var eg ute for no då eg las noko som hadde tittel «Ingen plass for rasistar i målrørsla», underskrive av Gudrun Kløve Juuhl, som upplyser at ho er «leiar» i Norsk Målungdom

Ho fortel at ho hev lese uppslaget i Bergens Tidende um årsmøtet i Vestmannalaget, og at ho fyrst og fremst er uroa yver at Harald Trefall får vera medlem i laget.

Og leiaren hev gjenge til aksjon snøgt, no er det ingi tid å spilla, tenkte ho vel. For no er Vestmannalaget ille ute. Uppslaget i Bergens Tidende stod i bladet 15. mars, og ho fortel i innlegget sitt at landsmøtet i Norsk Målungdom 15.-17. mars 2002 uppmoda Vestmannalaget um å ekskludera professor Harald Trefall. For rasistar fortener ingen plass i målrørsla! Ho set utropstegn etterpå, for å vera viss på at folk skynar kva ho meiner.

Me er nok mange som hev trudd at Norsk Målungdom var ein samskipnad som vil fremja eit veldyrka mål i Noreg. Det hev vore ukjent at dei ogso driv med andre ting.

Og no vender samskipnaden seg til Vestmannalaget og vil styra med medlemskapen der. «Leiaren» kan ikkje ha fylgt med. Harald Trefall er ein vyrd mann ogso i vestmannalaget, me er glade for å ha ein mann med hans kunnskap og hans innsyn med i laget. Han hev òg vore med i stjorni ei tid. Og på det årsmøtet som «Leiaren» er so forferd yver var det ein av dei unge i Ivar Aasen-Sambandet som gjorde framlegg um Trefall til møtestyrar. Til no hev eg trudd at Norsk Målungdom og Ivar Aasen-Sambandet hadde same fyremål: Godt og veldyrka norskt mål. Etter å ha lese Gudrun Kløve Juuhl skynar eg at den eine samskipnaden driv jakt på rasistar, medan den andre flokken vil bruka rasist i organisasjonslivet. Harald Trefall er ikkje rasist. Han er so glad i landet sitt at han vil at nordmenn skal styra her. Og han er nok like forfærd som dei fleste andre yver dråp og innbrot og narkotikabruk som me høyrer dagelege meldingar um. I det virvaret er det mange som «Leiaren» kan venda skytset imot. Og då med god grunn.

LUDV. JERDAL