Momsbedrageriet som blir rulla opp i Måløy, kan fort vise seg å bli ei av dei klart største avgiftssvindelsakene gjennom historia.

Den 51 år gamle fiskeeksportøren er sikta for å ha fått refundert 220 millionar kroner i moms som han ikkje hadde rett til. I følgje siktinga skal dette ha skjedd frå 1997 og like fram til no.

Men ifølgje Økokrim skal Kvalheim i politiavhøyr ha vedgått at han tok til med svindelen alt i 1995. Dermed utelukkar dei ikkje at summen mannen er sikta for å ha svindla til seg, kan bli endå større.

– Det kan vi ikkje sjå bort frå, sa førstestatsadvokat Petter Nordeng då han i går ettermiddag orienterte pressa om den storstila svindelsaka.

Samtykka til fengsling Fiskeeksportøren samtykka i går ettermiddag til å bli varetektsfengsla i to veker med brev og besøkskontroll.

I dag skal Sorenskrivaren i Nordfjord gjennom kontorforretning ta stilling til fengslinga. Kontorforretning inneber at det ikkje blir noko ordinært fengslingsmøte.

Sidan næringslivstoppen i Måløy blei pågripen tysdag morgon, har han site fengsla i arrestlokala i kjellaren under lensmannskontoret i Måløy. Han har vore gjennom fleire lange avhøyr med Økokrims folk som er i Måløy, og det er i desse avhøyra den daglege leiaren skal ha vedgått momssvindel over heile seks år.

Veit ikkje kor mykje – Han har erkjent bedrageri. Det einaste han har teke atterhald for, er storleiken på summen. Han har rett og slett ikkje noko formeining om kor store beløp det kan vere snakk om, seier førstestatsadvokat Nordeng.

Den siktas forsvararar, Eid-advokatane Per Kjetil Stautland og Reidar Blom, protesterer kraftig på desse utsegnene frå Økokrim.

– Vi oppfattar det som veldig uheldig at politiet tolkar hans avhøyr. Det er direkte feilaktig i ei så omfattande og komplisert sak, seier Stautland.

Saman med advokatkollega Blom hadde han i går ettermiddag eit to timar langt møte, med Kvalheim. Dette var første gongen den sikta møtte dei som skal forsvare han mot den alvorlege siktinga. Før i går ettermiddag hadde måløyværingen ikkje bedt om å få advokathjelp.

Doble sett med dokument Under gårsdagens orientering framfor eit bortimot samla norsk pressekorps, stadfesta førstestatsadvokaten i Økokrim at framgangsmåten som er nytta er den same som BT kunne fortelje om i går. I oppgåver sendt Fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane har OK-Fish Kvalheim hevda å ha betalt moms for store mengder oppdrettsfisk som dei har selt vidare til utlandet. Eksport av fisk har momsfritak, og fylkesskattekontoret refunderte difor meirverdiavgifta.

Politiet meiner realiteten er at det aldri blei betalt moms for fisken. Økokrim har funne doble sett med dokument i kontorlokala til selskapet i Måløy sentrum. Eitt av setta er sendt fylkesskattekontoret, der blir det oppgitt at moms er betalt. Det andre settet er sendt seljaren, og der står det at momsen ikkje er betalt.