Eit teikn på det, er at EU-tilhengjarane prøver å bagatellisera verknaden av det svenske nei, og i staden leggja stor vekt på utfallet av folkerøystingane i dei 10 nye medlemslanda. Alvorlegare er den forakta for folkestyret som kjem til uttrykk ved kommentarar om at «dei kjem nok til å seia ja neste gong». Når ein stemmer «feil», skal ein altså få lov til å stemma opp att heilt til ein stemmer «rett». Etter at svenskane stemte «feil», har difor representantar for føderalistane i EU teke til orde for at den nye EU-grunnlova skal innførast over hovudet til folk, utan folkerøystingar, av frykt for at også andre land kunne koma til å stemma feil.

Like patetisk er enkelte forsøk på å skapa «visjonar» om ein ny europeisk identitet, slik det går fram av kronikken i BT dagen etter at det siste nye medlemslandet Latvia, sa ja til EU-medlemskap. Kronikken hadde det leiande spørsmålet «Ligger Norge i Europa?». Leiarartikkelen same dagen om «Et annerledes Europa» peikar i same lei. Her blir det utan vidare sett likskapsteikn mellom EU og Europa, og dermed skapt eit inntrykk av eit «utanforland» som ikkje høyrer til i det gode selskap, og må sitja på gangen når viktige ting blir avgjort. Norge får heller ikkje vera med på å byggja opp EU som ei «motvekt» mot USA. Det er rett at USA har oppført seg som ein versting i klimapolitikk og militær maktbruk og imperialisme. Det heng delvis saman med den presidenten dei har nett no. Men EU-imperialismen byggjer på det same grunnlaget, nemleg dei såkalla fire fridomane som ikkje gjeld for menneske, men for kapitalen. I følgje BT og kronikøren er EU det store «fredsprosjektet» som skal liggja til grunn for det nye europeiske tusenårsriket.

Dei som skriv slik, må vera fullstendig historielause. Både Norge og dei «nye» EU-medlemslanda har nemleg alltid høyrt til Europa både geografisk og kulturelt, og vil halda fram med å gjera det, same i kva lei EU utviklar seg, og om det flytter seg austover eller vestover. Eller, med andre ord — det kulturelle fellesskapet og mangfaldet vi har i Europa, vil overleva EU, same kor mykje ein prøver på å byggja opp ein kommersialisert «europeisk identitet».

Når ein viss filosof skriv om «Untergang des Abendlandes», er det all grunn til å ta det alvorleg, for han hadde eit poeng. Det kan nemleg gå med den europeiske superstaten som det gjekk med Romarriket - at det går i oppløysing innanfrå, samstundes som dei folkerike landa i Asia - som også har ei lang historie som kulturfolk - overtek verdshegemoniet. Kor vidt landa i Europa og Nord-Amerika skal overleva som kulturfolk, avheng i stor grad av korleis demokratiet overlever, og i kor stor grad dei greier å solidarisera seg med den fattige delen av verdssamfunnet, og la folk og ikkje pengemakta, styra.

Oddvar Skre, Hordaland Nei til EU