I fall me ut ifrå dette skulde ha peika ut ein noregsmeister i sjølvskryt, so stig mannen klårt nok fram: Statsministerkandidat Kjell Magne Bondevik – han med cigaren – hev slege alle rekordar. Det er ikkje mogeleg å nå høgare i sjølvskryt og sjølvdyrking enn det Bondevik hev greidd, i fjerrsjå i debattar og på folkemøte elles. Lydarane sit att med ei kjensla av at her er guten som hev greidd alt, og som vil greida alt i komande 4-årsperiode, berre han vert statsminister.

Me hev upplevt nøgdi av ufjelge avsløringar i sjølvskryt. Men endå verre er det at so mange norske veljarar kårar Bondevik til beste statsministerkandidat. Då er det grunn til å skjemmast – på vegner av nasjonen.

LUDV. JERDAL, BERGEN