Nær 20 menneske vart 27. januar drepne i eit flyåtak i Afghanistan. To av bombene vart slept frå eit norsk F-16 fly. Ein norsk offiser var med på å plukke ut dei måla som skulle bombast.

Viss vi skal tru den bodskapen forsvarsministeren la fram i Oslo Militære Samfund tidleg i januar, så var dette «et fremskutt forsvar av Norge» . Til kongen og anna fint folk som hadde møtt fram i det tradisjonsrike møtelokalet nær Akershus festning, forklarte Kristin Krohn Devold med eit smil at «vår deltakelse i operasjonene i Afghanistan handler om å bekjempe et globalt onde, og er derfor også fremskutt forsvar av Norge».

Krohn Devold sa klart ifrå at ho og regjeringa Bondevik vil at Norge i 2003 skal føre krig under fjerne himmelstrok. Ho presenterte ein ny militærpolitisk doktrine:

«Fordi dagens Russland ikke er den samme militære trussel mot Norge som Sovjetunionen var, har vi i dag handlefrihet til å møte andre utfordringer mot vår sikkerhet — også langt fra våre egne grenser. Dette er fremskutt forsvar av norsk sikkerhet.»

Det tok berre tre veker frå ho lanserte den nye strategiske tenkinga og til F-16-skvadronen som er stasjonert i Kirgisistan gav oss eit konkret eksempel på «fremskutt forsvar av Norge». Åtaket som truleg drap minst 18 menneske, var retta mot styrker som er lojale mot den afghanske krigsherren Gulbuddin Hekmatyar.

Fleire enn meg vart kanskje forundra da oberstløytnant Geir Ødegård, den norske sjefen på basen i Kirgisistan, dagen etterpå fortalde at han ikkje kunne gjere konkret greie for kven dei norske bombene var retta mot: «Det jeg kan si, er at målene var godkjent av koalisjonsstyrken, og at norske offiserer har vært med på å plukke målene ut. På generelt grunnlag kan jeg si at det ikke spiller noen rolle om det er taliban, al Qaida eller andre grupperinger, all den tid våre allierte var blitt beskutt først.» (Intervju i Klassekampen 29. januar 2003.)

Slik fekk vi vite at den norske krigføringa i Afghanistan er retta mot langt fleire enn al Qaida. Ja, det spelar vel heller inga rolle at den skytinga mot våre allierte som oberstløytnant Ødegård nemner, ikkje tok allierte liv, mens den allierte gjengjeldinga tok livet av mange afghanarar. Enkelt sagt: Viss ei «gruppering» løyser skot mot amerikanske styrker, så er det heilt greitt at norske fly deltek i gjengjeldingsbombing, sjølv om ingen amerikanar vart drepen og vi ikkje veit kva slags «gruppering» som får dei norske bombene over seg.

Hekmatyar er pashtunar og har den siste tida bygd alliansar med klanleiarar som meiner at tadsjikane i den tidlegare Nord-Alliansen har fått for stor makt i det regimet som USA rydda plass for i Kabul. Mange av klanleiarane i Afghanistan har til ulike tider alliert seg med andre statar som søker kontroll over Afghanistan. Dette er ikkje noko særsyn som berre gjeld i Afghanistan. I statar der klansystemet framleis er rådande, finst det mange liknande eksempel. Og det er jo ikkje så veldig mange år sia styrkene til Gulbuddin Hekmatyar mottok amerikansk støtte. Men i dag er han fiende av USA og har erklært jihad mot USA og mot Kabul-regjeringa til Karzai. Problemet her heime er at statsminister Bondevik og forsvarsminister Krohn Devold trekker den slutning ut av dette at krig mot dei som stør Hekmatyar, det er «et fremskutt forsvar av Norge».

Det kjem enda til å ta mange år før folket i Afghanistan får tatt eit oppgjer med klantradisjonane og får kvitta seg med dei mange krigsherrane som slåst for eigne interesser i allianse med den eine eller andre framande staten. Denne perioden i afghansk historie blir forlenga fordi Norge og andre framande statar blandar seg inn.

Skaden blir ikkje mindre av at Norge fører krig under amerikansk kommando og at sjefen for den norske angrepsstyrken ikkje veit kven dei norske bombene er retta mot.

Tidlegare i historia er det helst imperialistiske statar som har ført krig tusentals kilometer utafor eigne grenser. England, Frankrike, Spania og andre europeiske statar har ført krig mot lokalbefolkning på alle kantar av kloden. Kolonikrigar vart det gjerne kalla. I dag er det vanleg å seie at det var krigføring for å sikre europeisk kontroll over land og ressursar som tilhøyrde andre folk. Noreg har før regjeringa Bondeviks tid ikkje ført krig for å sikre seg den typen kontroll i andre verdsdelar.

Eg vil utfordre forsvarsminister Krohn Devold til å forklare heilt konkret kva for norske interesser det er F-16-flygarane forsvarar når dei bomber ukjende bakkemål i Afghanistan og drep menneske som tilhøyrer ei eller anna «gruppering».

Inntil ho kjem med ei svært god og forståeleg forklaring vil eg minne om eit ærleg, men lite påakta utsegn frå Storbritannias koloniminister Leopold S. Amery. I 1925 besøkte han dei britiske flygarane i Irak som forsvarte det britiske imperiet mot irakiske og kurdiske klanleiarar. Han likte det han såg. Ved den årlege festmiddagen i Londons sentral-asiatiske selskap like etter heimkomsten heldt han ein livleg festtale til imperiebevisste middagsgjester. Ei av spissformuleringane hans fekk plass i festreportasjen i Timesdagen etter: Irak og det sørlege Kurdistan «er eit utmerkt treningsfelt for flyvåpenet». (Sitert etter referat i Times 1. juli 1925.)

Ein britisk offiser som underviste flygarar som skulle på krigsteneste i Irak, var like ærleg og enda meir direkte: «For det første er vi alle sammen imperialister, og vi ønsker å se imperiet forsvart så sikkert som mulig. For det andre er vi alle skattebetalere, og vi ønsker derfor at forsvaret skal være så sparsommelig som mulig.»

Forelesning av Wing-Commander C. Edmonds 12. desember 1923 ved The Royal United Services Institution. Trykt i Edmonds: Air Strategy.

Vi får berre ta til etterretning at Krohn Devold ikkje snakkar like tydeleg. Dessutan er det jo slik at den norske staten er styrtrik og ikkje er redd for å bruke milliardar på å føre krig utanlands. Vi som synst at Noreg og norske soldatar ikkjeskal delta i afghansk borgarkrig, kan byrje å samle støtte til ein politisk parole som er både enkel og tydeleg: Noreg ut av Afghanistan.

FRÅ NORSKE FLY: To av bombene vart slept frå eit