Det forstår alle antan dei følger med litt eller mykje i internasjonale saker. Dei alierte i vesten og i den arabiske verda, har lydig støtta opp om USA, i deira aksjonar i Afghanistan.

Her heime diltar me etter storebror «over there», som vanleg. Ein er eigentleg ikkje serleg overraska over at det omlag aldri kjem noko kritikk i det heile, frå norske styresmakter, om kva USA føretek seg i «kampen mot terrorisme». Då vert ein meir overraska, eller rettare sagt sint, når ein høyrer den norske forsvarsminister Kristin Flem Devold, utale seg på spørsmål om den norske deltakinga i krigen i Afghanistan. Ho forsvarar sjølvsagt den norske avgjerda om å sende dei 6 norske F16-flya til ein base i Kyrgyzstan, der flya etter seiande skal vere klåre i tilfelle amerikanske eller norske bakkestyrkar treng støtte frå lufta. Dette seier ho med den største sjølvfølge, som om heile det norske folk støttar ho i det. Her ligg problemet! Det har ikkje vore ein einaste skikkeleg open norsk debatt blant norske politikarar i norsk media og presse, i det heile teke! Heller ikkje har norsk deltaking i krigen i Afghanistan vorte drøfta seriøst i Stortinget. Den norske regjering har fenge turt fram som ho ville. Ei regjering som likar å kalle seg demokratisk, har nettopp ikkje vore demokratisk i ei så viktig sak, som det å delta i krig eller ikkje. I det minste måtte ein gå ut frå at Stortinget hadde fenge ei slik sak til seriøs handsaming — men verkelegheita er anleis. Noreg er teknisk og praktisk sett i krig, utan at «ein kjeft» i det offisielle Noreg uttalar seg.

1. oktober er F16-flya på plass på sin base, klare til krig, men kven bryr seg?

Det er iallefall ei rørsle som ikkje sit stille, det er antikrigsnettverket. Ei rørsle som i neraste framtid verkeleg vil vere synleg, i sin motstand mot krig.

Ein annan handlemåte er å nekte å betale restskatt, som ein protest mot norsk deltaking i krig, der iallefall dobbelt så mange sivile er drepne i Aghanistan, i høve til 11. september ifjor. Det bør få oss til å reagere!

IVAR JØRDRE KUNSTNAR BERGEN