Av Geir Midtun, Ullensvang i Hardanger

Først ei orsaking til Tomren og Jacobsen i Naturvernforbundet Hordaland for samanblanding av Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet. Vidare til deira innlegg har eg ikkje andre kommentarar enn at det av fleire punkt går tydeleg fram at dei enten ikkje har sett seg skikkeleg inn i sakene, eller at dei talar mot betre vitande. Vegen over Hardangervidda skal da f.eks. ikkje på fylling. Den skal tvert imot delvis i tunnel, slik at reinen får fri ferdsel over. Det har òg vore påfallande lite omtala at rein som er radiomerka ved riksveg 7 er funnen igjen sør for E 134 over Haukeli, som den altså nødvendigvis må ha kryssa. Men ingen har teke til orde for å vinterstenge E 134 av den grunn.

Per Nordø (som altså er i Miljøvernforbundet) snakkar i sitt innlegg om «kjensgjerninger som leserne selv kan kontrollere». For min del har eg enno ikkje sett noko «kjensgjerninger» i Nordø sine innlegg, heller ei rekkje med meir eller mindre velfunderte påstandar. Og den lesaren «som selv kan kontrollere» dette skal ha god tilgang på saksdokument, eller ha følgt saka i dei 25 åra den har stått på dagsordenen. «Midtun mener .....» står det i siste innlegg frå Nordø, følgt av ei remse som er fullstendig ukjent for den samme Midtun.

Vidare tek han for n'te gang opp att påstanden om at Brua «skal koste samfunnet 1,4 milliarder». Det rette er at «samfunnet» er spurt om å bidra med 200 mill. kroner (= ca. 15 prosent). (Pengar som likevel ville gått med til opprusting av ferjesambandet.) Resten er eigenfinansiering og brukarfinansiering. Alt dette er for lengst vedteke, av fleirtalet i våre folkevalde organ.

Og avslutningsvis prøver han å få oss til å tru at Voss, Granvin og Ullensvang har trekt seg frå Hardangerbrufondet. Den einaste kommunen som har trekt seg ut er Granvin, og det var av rein pengenaud, ikkje fordi at dei ikkje støttar opp om prosjektet.