Olav Steinar Namtvedt,ordførar i Radøy og regionrådsleiar

Ser me no kimen til ei så klar deling at det ikkje lenger er aktuelt å snakka om ein felles region?

Strilane frå Nordhordland har gjennom lang tid vore klar over at samarbeid er det einaste som duger. Det er ein av dei regionar i landet som har lengst røynsle med å stå saman for å få ting til. Kring 40 interkommunale tiltak der to eller fleire kommunar er med har ført til betre og meir likeverdige bu— og arbeidsvilkår i regionen.

Industrireisinga i regionen er eitt av resultata – samferdsla eit anna.

Eg skal ikkje fortelja historia her, men syner gjerne til boka «Nordhordlandsbrua», utgjeven til opninga i 1994 (med Ottar Styve som redaktør), eller til Karl Kolstad si bok om Mongstad. Båe fortell om utruleg stå-på-vilje, og ein felles kamp for å snu det som til då var negative trendar for regionen.

At pendlarane kjempar for rimeleg og best mogeleg arbeidsveg, har eg ikkje problem med å skjøna. Eg har vanskelegare for å forstå den «historieløyse» som ein del politikarar som har vore med ei tid legg for dagen. Eg kjenner i alle fall ikkje att mine gode venner i eige parti i våre nabokommunar i sør og aust. Likeverdige tilhøve og likeverdige tenester er då sjølve grunnfjellet i vår ideologi. Og kva med vår distriktspolitikk? Desse prinsippa er eg stolt over å kunna hevda med tyngde, men dei ser ut til å bli stadig vanskelegare å fylgja i dagens kapitalistiske samfunn.

(I ein parentes lyt eg nemna at eg fekk ein del kjeft i samband med arbeidet for å få kompensasjon for auken i arbeidsgjevaravgifta, då eg kom til å seia at transportvilkåra var litt dårlegare for Radøy og Austrheim enn for søre deler av regionen. Då var omkvedet at me måtte stå i lag, særleg frå Meland. Me stod sjølvsagt i lag, og me fekk alle kompensasjon.)

Det er klart me må stå på for å få mest mogeleg av den statlege «rikdommen». Alle parti er «prinsipielt» samde om at me får for lite av vegmidlane, og at staten har råd til å bruka meir av sine milliardar til nettopp slike tiltak. Men kva skjer når statsbudsjettet skal bankast gjennom? Uansett kven som styrer, vert det fint lite midlar til oss. Tendensen i handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan denne gongen går tvert om i retning av at endå meir av kaka går til sentrale strok. Det er ikkje utan grunn at det berre i Hordaland er heile sju bompengepakkar, og i tillegg ei rekkje mindre spleiselag. Vegprising er òg omtala som ei aktuell finansieringskjelde.

Eg lyt òg nemna at det ikkje er noko særsyn «å nytta bompengar andre stader enn der bommen står. Innkrevjing på t.d. Sotrabrua vart òg nytta til vegbygging heilt andre stader på Sotra.

Så kan me strilar frå Nordhordland vera «prinsipielle» og skrika på våre stortingsrepresentantar. Det er greitt å vera prinsipiell ei stund, men mi røynsle har lært meg at det ikkje er så morosamt i ettertid når me må telja alle dei tapte slaga.

Alle veit kva eg meiner om bompengepakken – det er då Radøy som får mest. Nett denne gongen er det det som er nødvendig for å få eit nokolunde tenleg vegnett i regionen. Og tru meg: Det er ikkje for at eg skal kjøra fire minuttar fortare til regionsenteret Knarvik. Det er fordi vegen skal bli framkommeleg for næringslivet, for at m.a. vekstnæringa havbruk skal få nokolunde tilfredsstillande transportvilkår. Næringslivet på Radøy kan vel tykkjast lite, men representerer etter mi vurdering ein viktig del av eit framtidig allsidig næringsliv i regionen. Ein annan viktig grunn er sjølvsagt miljøgevinsten for dei som bur langs store deler av RV 565. Trafikken rundt «husnovene» er nemleg ganske stor.

Me som har arbeidd med denne saka ei tid har hatt med oss minst to klåre vilkår for å kunna gå vidare med saka:

– eit tenleg vegnett for regionen i første del av perioden (innan 2006).

– lågast mogeleg bompengetakst over så kort tid som mogeleg etter at brua er betalt.

Betre trafikktilhøve i Knarvik og betre tilrettelegging for kollektivtrafikken frå Knarvik til Bergen har òg vore viktig å understreka. Tilbodet i dag er ikkje eit godt nok alternativ for dei som ønskjer å reisa kollektivt.

Angrep er det beste forsvar. Det har eg lært gjennom mange år med fotball. Ein annan ting eg imidlertid òg har lært er at me skal ta ballen og ikkje mannen. Difor har eg freista å forklara kvifor eg meiner dette er ei god sak for Nordhordland-regionen.

At det er stort engasjement var ikkje heilt uventa, og eg skal lova å ta synspunkta med meg i arbeidet for å finna ei best mogeleg løysing for alle. Dei «konstruktive» løysingane er imidlertid mangelvare.

Blir denne samferdslepakken velta, er eg redd for at det går ei lang stund før me får eit tenleg vegnett i regionen. Kanskje det til og med vil vera første steget til ei så klar deling av regionen at me kan slutta å snakka om ein Nordhordland-region.