Av Målfrid Hittun Fedøy, på vegner av rasande fiskarar i Bulandet

Mange av oss har lese om dei store fiskarhøvdingane som i farne tider kjempa fram denne enormt viktige næringa. Ein kan stille seg spørsmålet korleis ettermælet til fiskarane i vår generasjon vil sjå ut. Ein del av dette lyt fiskarane ta på sin eigen kappe, men når næringa no til dei grader er hamna opp i det uføret dei er, så ser vi tydelegare og tydelegare at strategien frå dei som skal forvalte ressursane for oss, har slege totalt feil.

Systemet har vorte så innfløkt at det har opna for snusk og bedrageri. Dette ilag med den gode innteninga som har vore dei siste åra, spesielt i ringnot, gjer til at alle dører har vorte opna på vidt gap for kapitalsterke spekulantar, og den vanlege fiskaren som kjempar for levelege kår for seg og bygda si, kjem heilt på sidelinja.

Ein kan vere einig eller ueinig om stenging av allemannsretten og oppretting av kvotesystemet, men det som har skjedd etter at NVG-silda vart steng i september i 2001, må alle ha interesse av å få fram i lyset.

Eit fiske vert stengt fordi myndigheitene ser det slik at får dette fiskeriet fleire deltakarar, vert det ulønsamt. Stengingsplanane vart lufta med dei fylgjene at båtar i hopetal som slett ikkje har hatt dette som levebrød, og som til dels knapt er flytandes, brått vart deltakarar. Her er det om å gjere å sikre seg ei rettigheit. I ettertid er det nokon i forvaltingssystemet som har fått dårleg samvit for alle dei som ikkje var så lure og kom seg av stad i tide. Avisene kan fortelje om pensjonistar, oljearbeidarar og fiskarar som har valgt vekk dette fiskeriet, som no kan få attendeført kvote. Alt som er kravt er at ein har selt båt mellom 1998 og 2001.

Kven er dette «vesenet» som har sett denne galskapen i system? Så vidt vi veit er det ikkje etter krav frå fiskarane. Kvifor der det heilt umogeleg å få fram opplysningar om denne saka? Sjølv røynde journalistar slit seg i både hår og skjegg når dei skal prøve å kome til botnar i denne saka.

Dette sildefisket vart stengt pga. minkande lønsemd. Kva no? Der er ikkje meir sild å ta av, men no må alle desse dele på dei same ressursane. Kvar er logikken? Ein stengjer hovuddøra, men let deltakarane strøyme inn bakdøra.

For å få fiske denne kvoten, må ein kjøpe seg båt. Ein skal ikkje ha lov å fiske to kvotar på same båt, sjølvsagt. Kvifor er det no båtar på feltet som held på med andre kvoten, og kvifor er det også her plent umogleg å få ut opplysningar?

Det har sågar kome oss for øyra at ein har søkt og fått konsesjon, kjøpt billeg båt, og så selt det heile i dyre dommar utan i det heile å ha vore på salt hav.

Vi som har vore med både i medgang og motgang kan ikkje godta at levebrødet vårt vert forvalta på denne måten. Vi kan ikkje med vår beste vilje forstå at dei som sit i departement og direktorat veit kva dei arbeidar med. Vi krev ei kompetanseheving på desse husa, og den må kome frå fjæresteinane, ikkje berre frå utdanningsinstitusjonane. Samfunnet er så komplisert at utdanning må til, men den må kombinerast med sunt folkevett.

For det er noko som heiter rettferd. Det pliktar vi alle å kjempe for. Skal dette verte rettferdig, må denne galskapen innførast også i andre fiskeri Kva med banklineflåten eller nordsjøtrålarane? Der er vel selde nokre båtar der og i desse åra. Folk eldest, nokre vel faktisk bort fiskaryrket, og båtar vert selde. Men skal alle handsamast likt, bør også desse få sjansen til å få nye løyve.

Dei siste dagane har vi også lese om gruppereguleringar innan torskekvotane. I Bulandet har vi berre ein einmanns-sjark som vart berørt av dette. Stor var undringa då båten hans ikkje rykte opp i gruppe 1. Grunnen var at han hadde fiska for lite sei. Skal denne flinke fiskaren, som ber vidare den lange tradisjonen til sjarkfiskaren, måtte på marknaden og kjøpe seg kvote medan han veit at båtar som knapt hadde tålt ein dag på dei felta han må operere på, har fått rykke opp? Endå ein gong må vi få peike på rettferd og likskap for lova. Og til alle dei som framleis ikkje har fått det med seg: Det vert kjøpt og selt kvotar i dett landet, sjølv om lova seier noko anna.

Dei som heile tida har drive nøkternt, teke vare på dei båtane, ressursane og mannskapet dei hadde, dei vert no dei store taparane. Vi gnir oss i augo og vil knapt tru det. Er verda verkeleg gått av hengslene? Det er desse trufaste folka vi treng på kysten. Vert kald kapital det overordna, er arven frå dei gamle fiskarhøvdingane snart ein saga blott.

Vi let oss alle freiste av mammon, og når regelverket opnar for fusk og fanteri, får vi tilstandar som dette. Det er ikkje yrket verdig. Fusk undergrev heile systemet, du møter deg sjølv rundt neste sving.

Og så til sist: Korleis kan Norges Fiskarlag attendevise sanningar som kom fram i fjernsynsprogrammet «Brennpunkt»? Korleis skal vi kome vidare dersom alle som har ein eller annan fordel av dette forrykte systemet, stikk hovudet i sanden når det vert sett søkjelys på openberre manglar?