For skiftarbeidarar som har valt å bu i heimbygda og som må pendle til andre sida av fjorden, er ekstraavgifta til bompengar 11.880 kroner i året. I ein tiårsperiode utgjer det 118.000 kroner. Pengar som ville kome vel med til å betale ned på studiegjeld og bustadlån.

At Bergens Tidende (tirsdag 20. mars) reiser ut og spør ei som har sitt yrke i å kassere inn bompengar om kva ho meiner om utviding av innkrevjingstida, får så vere. Som du ropar i skogen får du svar.

Nordhordlendingar! La oss fortelje vegsjef og politikarar at nok er nok. Me har betalt i 45 år, har nokre år att, og det får halde. Nei, no får den vidare vegutbygginga i Nordhordland bli finansiert av vegpengar, ikkje ved å ha sugerør i pendlarane si setlebok!

SIDSEL STYVEHJELMÅS