PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.noDet var natt til 11. januar at politiet stoppa ein 22-årig Høyanger-mann på veg mot Førde. I bilen fann dei meir enn eit halvt kilo hasj, og ved ransaking av bustaden kom ytterlegare 4,7 kilo av stoffet for ein dag.Dermed var det største hasjbeslaget nokonsinne i Sogn og Fjordane eit faktum. Og politiet i Sogn har no sikta nok ein person i samband med denne saka. Mannen vart pågripen i Fjordane politidistrikt, og er ikkje varetektsfengsla.— Han er sikta for kjøp av narkotika, og saka har samband med den personen som er sikta for det store beslaget, stadfestar politiinspektør Ivar Hauge i Sogn politidistrikt. Den 22-årige hovudmannen sit framleis i varetekt, og var i går gjennom nye politiavhøyr.- Ved såpass store kvanta er det klart at vi må jakte på distribusjonsledd og kjøparar. Vi har haldepunkt for å tru at det stadig er fleire involverte i saka, og etterforskinga er innretta på å finne desse, seier Hauge.