Olje— og energiminister Einar Steensnæs ville ikkje ta ansvar for regnet som ikkje kom. Dersom straumrekninga vart for stor, fekk ein gå på sosialkontoret.

Den nye energilova av 1991 slepte laus kraftmarknaden. Eivind Reiten, no direktør i Norsk Hydro, var fødselshjelpar. Kva gjekk gale? Jau, energilova la m.a. ikkje inn tørrårssikring og den såkalla oppdekkingsplikta fall bort. Oppdekkingsplikta tyder at kraftprodusentane til ei kvar tid må hushaldere med vatnet i kraftmagasina, slik at dei er i stand til å levere kraft gjennom vinteren. Me har ca. 330 kraftmagasin her i landet. Desse har vorte tappa ned gjennom dei tre siste åra. I det siste har det kome mange som vil byggje ut verna og uverna vassdrag snarast, for å bøte på kraftmangelen. Men det hadde ikkje hjelp det aller minste med energilova av 1991. Ekstrakrafta ville vore nedtappa, seld og eksportert for lengst.

Straumrekningane som er to til tre gonger større enn vanleg, vart eit sjokk for private husstandar, bedrifter og det offentlege. Samstundes er det berekna at staten aukar inntektene med 8 milliardar grunna dei høge straumprisane.

På kort sikt må regjering og storting gje ei form for kompensasjon til husstandsbudsjett som sprekk, til bedrifter og kommunar som får urimelege straumutgifter denne vinteren.

På lengre sikt må energilova endrast, tørrårssikring og oppdekkingsplikt må lovfestast. Toprissystem må innførast, kvar husstand får ei rimeleg mengde straum til standardpris, for overforbruk vert det marknadspris. Elektrisitet til oppvarming bør erstattast med andre varmekjelder som varmepumper, bioenergi, olje m.m. Vidare må det verte energiøkonomisering i brei skala.

Den elektriske straumen er heile folket sin eigedom og skal ikkje vere eit spekulasjonsobjekt for kraftseljarar og aksjespekulantar.

ODDNY BELL