DEBATT

Av Trude Brosvik,

KrF-ordførar i Gulen

2. april la KrF fram resultatet av eit grundig partiinternt arbeid kring kommuneøkonomi, og som sentralstyret slutta seg til. Her krev ein m.a.:

n Forpliktande opptrappingsplan for kommuneøkonomien

n Ikkje fleire reformer som ikkje er fullfinansierte

n Mindre øyremerking av midlar og nedbygging av statleg detaljstyring

n Forpliktande konsultasjonar mellom regjering og kommunane

n Halde fram med skjønsmidlar for å jamne ut urimelege inntektsskilnader som eit objektivt inntektssystem ikkje klarer å fange opp

KrF sin leiar, Valgerd Svarstad Haugland, har tidlegare varsla at kommuneøkonomien er viktigaste saka for KrF framover.

Når vi då også høyrer at eit anna regjeringsparti; Venstre, på landsmøtet seier det same, er det god grunn til optimisme.

Samstundes veit vi at vi har ei mindretalsregjering, og jo meir Stortinget bind opp økonomien i enkeltsaker utan samla inndekking, jo verre blir det å få til ei god prioritering av samla kommuneøkonomi, dvs. pengar til god skule, omsorg og utvikling av trygge og gode bygder og byar. Det er difor grunn til å fortelje Stortinget om dei samanhengane som finst, og avkreve alle at partitaktikken blir lagt litt til sides, slik at kommunane ikkje vert strypt på vegen. Eg synest vi skal begynne med å ta vekk den usosiale skattelettedelen i barnehageforliket.