ARNE HOFSETHBJØRN ERIK LARSEN (foto) arne.hofseth@bergens-tidende.no

Sindige smelteverksarbeidarar gjekk rett heim etter turen «inn på teppet» der «dommen» vart opplest og papir utlevert. Noko meir arbeid den dagen freista lite. Med ein solid klump i halsen tutla den eine etter den andre på heimveg.

Splittar familien – Eg har skjøna at eg låg tynt an. Utan førarkort for bil, kan eg ikkje køyra truck, seier Idun Ulvestad på veg ut porten.

Det gjekk same vegen med henne som med faren hennar. Anders Ulvestad fekk gullklokke i fjor, og «fyken» mandag, etter 26 år på Bjølvefossen.

Rett oppi bakken kjem sambuar Johnny Natås leiande på veslejenta Ida. Han skal inn på ettermiddagsskiftet, og har fått «audiens» klokka 16.00. Prognosane skal vera gode.

– Eg får leiga ut huset mitt til Johnny, og bruka husleiga til å flytta på hybel i Bergen med Ida, seier ei bitter Idun.

Galgenhumor Litt galgenhumor høyrer til på ein slik arbeidsplass når forbitringa er stor. «Globetrottar» Arne Berge har fått reisepass, men kan ikkje dy seg idet han kjem ut av kontordøra med det frykta brevet i neven.

– Nå får eg ikkje råd til fleire byturar, seier mannen som i TV-reklamen for Vossafår vert utnemd til «Globetrottar» etter ein tur med toget frå Voss til Bergen, eller var det to.

Fleire sjefar Oppgåva med å gje dei tilsette den triste meldinga er delegert. Kvar tilsett får opptil 15 minutt med sin næraste overordna.

Såleis blir administerande direktør si oppgåve å snakka med avdelingssjefane. Men i leiinga skal det ikkje vera mannskapsredusjon. Talet på sjefar skal aukast.

– Dette er ikkje lett å skjøna. Vi konsentrerer verksemda om færre produkt, og vi blir langt færre tilsette å halda greie på, men likevel skal leiargruppa utvidast, seier hovedtillitsvald Einar Støfringshaug til Bergens Tidende.

Må skriva «dødsdom» sjølv Det var ikkje eit greitt oppseiingsbrev dei overtallige fekk mandag. Alle tilsette var innom sjefen. 30 skal førtidspermitterast og fekk takk for innsatsen. 70 fekk melding om at det ikkje er plass til dei i framtidig organisasjon. Resten vart fortalt at dei er mellombels plassert. Det siste tyder at dei får halda fram i verksemda dersom ingen av dei 70 førnemnde vinn fram med forhandlingar eller arbeidsrettssak.

Dei 70 må sjølve seia seg opp dersom dei vil ha etterløn. Dermed seier ikkje verksemda opp nokon, formelt.

37 år på Bjølvefossen I samråd med fagforeiningane stiller Bjølvefossen eit breidt hjelpeapparat til rådvelde for dei som no må slutta. Dette apparatet kjem i funksjon etter eit informasjonsmøte onsdag.

Det kan bli endringar i den kabalen som leiinga har lagt, seier Støfringshaug. Tillitsmannsapparatet er budd på å støtta dei som kjenner seg urettvist handsama. Han viser til at ansiennitetsprinsippet er brote i fleire tilfelle.

Gunvald Natås (57) må slutta etter 37 år på verket. Han byrja som 20-åring.

Meir profitt Innskrenkingane ved Bjølvefossen kjem trass i at verksemda går med gode overskot.

No skal overskota aukast ved at dei to minste av fire ordinære omnar vert stengde, samstundes som omsmeltaromnen vert teken ut av drift seks månader i året.

Dei produksjonsmidlane som dermed er att, er nok til å produsera det som trengst av godt betalt ferrosiliciummagnesium til jernstøyping. All produksjon av vanleg ferrosilicium til stålindustrien skal kuttast ut. Denne legeringa vert laga av mange produsentar, og prisane på verdsmarkander er dårlege.

Arvid Steinsland (til venstre) og hovedtillitsvald Einar Støfringshaug venta i spenning på leiinga si avgjerd. Arne Berge (til høgre) fekk reisepass.