I Noreg blei meldinga om utslettinga av ein heil by motteken med ein slags taus tilfredshet – på pubane i New York var folk stolte og skålte over den store militære og teknologiske bragden. I gata leika smågutane amerikansk atombombeflygar som utsletta hundrevis av byar kvar dag.

Når palestinske smågutar, som dagleg spring mellom kulene frå amerikanske våpen, såg desse uverkelege flystyrtane som fann stad i New York, så reagerte dei på same måten, nemleg med beundring for en spektakulær demonstrasjon av makt …

På gata utanfor stod velkledde CNN-reportarar og formidla unggutane sin reaksjon som sjølve beviset på det palestinske folkets sin manglande moral og medføling med uskuldige sivile. Så historielause kan journalistar være.

Problemet med vår høgt profilerte vestlege moral er kanskje at den ikkje har vore særleg konsekvent når det gjeld drap på uskuldige. Den bygger ennå på to tvilsame prinsipp om at alle liv ikkje er like mykje verdt, og at represaliar som medfører drap på sivile er noko heilt anna enn «islamsk blodhevn».

I lys av desse forferdelege handlingane både i 1945 og i 2001 er det viktigare enn nokon gong å halde fast på prinsippet om at drap på sivile er usivilisert åtferd uansett motiv og kven som utfører det.

Helge Nilsen, Askøy