Sofie.no starta i oktober i fjor, og vart raskt populær mellom nettbrukaren. Kjappe og gode nyheiter gjorde at portalen vart ein av dei mest besøkte i Sogn og Fjordane med kring 60.000 sidetilvisingar i veka.

Men innteninga vart for dårleg. Annonsørane ville ikkje leggje att pengane sine på nettsidene.

Dei siste månadene har selskapet arbeidd for å få inn ein ny investor, men dette arbeidet har ikkje lukkast.

Etter det Bergens Tidende forstår har selskapet ei gjeld på kring 1,4 millionar kroner. Hovudkreditor er Sparebanken Sogn og Fjordane.

Det var fire tilsette i selskapet.