Ei containerlast raste ukontrollert i stroppen 10-15 meter før kranføraren greidde å naudstoppa den nyombygde kranen. Ingen personar kom til skade i hendinga som skjedde klokka 11.30 sist torsdag.

Containeren skulle løftast frå plattforma og ned til supplybåten «Havila Lista». Det var ingen personar under løftet då det rasa ut idet containeren blei heist ut over plattformrekkja. Containeren stansa i ein vernestruktur på plattforma.

Oljedirektoratet er rutinemessig varsla om hendinga. Kranen som svikta er teken ut av drift inntil årsaka til uhellet er funnen. Også den andre kranen av same type på Gullfaks A-plattforma er stengt.

— Dei aktuelle kranane er nettopp bygde om og moderniserte. Kranen som svikta hadde vore i drift berre halvtanna døger, opplyser informasjonssjef i Statoil, Kristofer Hetland til Bergens Tidende.

— Vi har sett fokus på kranoperasjonar i det siste, og vi er no opptekne av å finna årsaka til dette uhellet. Ei intern granskingsgruppe i Statoil var måndag på veg til Gullfaks A for å undersøkja kranane, seier Hetland.

Ifølgje Kristofer Hetland får ikkje nestenulukka konsekvensar for drifta på Gullfaks A. Supplybåten «Havila Lista» tilhøyrer reiarlaget Havila Supply på Møre.