OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Kvinnherad-mannen sin forsvarar, advokat Morten Kjensli sa i sitt innleiingsforedrag at Kristensen gjenoppretta ein lovleg situasjon for borna ved å henta sønene sine hos mora i Danmark hausten 1999.

Kjensli gjekk kraftig i rette med politiet og Kvinnherad barnevern si rolle i barnefordelingssaka mellom Per Kristensen og den danske ekskona hans.

I august tok Kristensen dei to gutane — i dag 11 og 9 år gamle - med seg heim til Noreg. Han heldt dei i skjul i fire månader til han blei pågripen av politiet medan Gulating lagmannsrett behandla ein anke i barnefordelingssaka.

Kristensen tapte dei sivilrettslege sakene, og i dag er sønene under mora si omsorg i Danmark.

Advokat Morten Kjensli sa i retten at det måtte følast som skrikande urettferdig for Per Kristensen at han er tiltalt for barnebortføring når han blei sabotert av norsk politi, av barnevernet og av danske styresmakter. Ingen av desse instansane ville gripa inn overfor mora som to gonger tok ungane med seg ulovleg til Danmark, sa Kjensli.

— Dette er blant dei grellaste eksempel på korleis rettssystemet fungerer for ein far som har sine retter i behald. I nors rettssystem tenkjer ein ikkje i barnefordelingssaker, ein fordeler til mor. Så får det vera som det vil med dei rettslege reglane, sa Morten Kjensli.

Barnefordelingssaka mellom Per Kristensen og ekskona har vore til behandling sivilrettsleg samahengjande sidan 1995.