PER MARIFJÆREN

Det einaste den hovudtiltalte erkjenner straffskuld for, er å ha urinert på offentleg plass.

Dei tiltalte nekta straffskuld for samtlege av dei alvorlege punkta i den omfattande tiltalebeslutningen.

Etter at dommaren hadde lese opp heile tiltalen mot begge to, vart den første av 19-åringane spurt om straffeskuld. Han er tiltalt på to punkt.

Dommar Velle: — Du har høyrt tiltalen opplest, og det er to punkt, nummer fem og seks, som gjeld deg. Punkt fem og seks går på trugsmål og rasisme, har du truga Avre?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Har du ved uttalelse å ha truga og jaga Arve Behem Karlsen på grunn av hudfarge, altså rasisme, erkjenner du straffeskuld?

Tiltalte: - Nei.

Deretter vart den andre 19-åringen, den hovudtiltalte, spurt om han erkjente dei fakta tiltalen hevdar, og eventuell straffeskuld på dei elleve tiltalepunkta han har mot seg.

Velle: - Du skal ved ei rekke høve ha håna han på grunn av hudfarge, erkjenner du straffeskuld?

Tiltalte: - Nei

Velle. - Ifølgje punkt to skal du ha utvist skremmende eller plagsom opptreden, har du plaga Arve Beheim Karlsen?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld?

Tiltalte: - Nei

Velle: - Punkt tre går på lekamskrenking, erkjenner du å ha skalla Arve Beheim Karlsen i Sogndal natt til 18. desember 1998?

Tiltalte: -Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Punkt fire gjeld ein ny valdsepisode. Ved busstasjonen i Sogndal 23. april 19999, tok du tak i hovudet til Arve eheim Karlsen og drog han inn bak ei buss?

Tiltalte: Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld for dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: Punkt fem er felles, det går på å ha jaga Arve under brua i Sogndal, og ropt "drep negeren" og "drep denne negeren" etter Arve, gjorde dere det?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld etter punkt fem?

Tiltalte: - Nei.

Velle: På punkt seks, har du trua Arve Beheim Karlsen på grunnlag av hans etniske opphav?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Seier du deg straffskuldig etter tiltalens punkt seks?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Punkt sju gjeld også trugsmål, du skal etter tiltalen ha tatt halstak på ein drosjesjåfør, erkjenner du å ha gjort dette?

Tiltalte: - Ja.

Velle: - Seier du deg straffeskuldig for dette?

Tiltalte: - Nei

Velle: - Punkt åtte gjeld tre voldsstilfeller i førde sentrum, du er tiltalt for å ha skalla NN (mann), har du gjort dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld for dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Ved samme høve skal du også ha skalla ned NN (kvinne), har du gjort dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld for dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Ved same høve skal du ha dytta til ei kvinne, har du gjort dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld for dette?

Tiltalte: Nei.

Velle: - Punkt ni er drosjeepisoden, stemmer det at du sparka han i halsen?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld for dette?

Tiltalte: - Nei.

Velle: - På punkt ti heiter det at du skal skal ha starta drosjen, stemmer det?

Tiltalte: - Nei.

Velle: Var du påverka av alkohol?

Tiltalte: Ja.

Velle: - Erkjenner du straffeskuld på dette punktet?

Tiltalte: Nei

Velle: - Punkt elleve gjeld tre tilfelle av brot på drukkenskapslova. Erkjenner du straffeskuld?

Tiltalte: - Nei.

Til slutt vedgjekk den hovudtiltalte straffeskuld på eitt einaste punkt. Dette gjeld brot på politivedtektene i Førde kommune, og går på at 19-åringen har urinert på eit butikkvindu i Førde i september 1999. Les også: Aktor trur ikkje på oppklaringSøstera til Arve møtte i retten