Merkeleg idé at ei flott rørsle som Framtiden i våre hender skal gå så einsidig negativt ut mot sauenæringa. Og kvifor var det så mykje betre å ete svinekjøtt enn sau? Om ein ser på kor mange kilo kjøtt som vert produsert pr kilo kraftfôr, er kylling mykje meir effektivt. Ein kylling brukar 1,5 kilo kraftfôr pr kilo kjøtt som vert produsert. Ein gris brukar 3-4 kilo kraftfôr pr kilo kjøtt som vert produsert. Så kvifor vil Framtiden i våre hender at vi skal ete svinekjøtt når det dyret er langt mindre effektivt enn kyllingen? Sagt på ein enkel måte: kraftfôr er mjøl. Mjøl er menneskemat. Grovfôr er gras. Mennesket kan ikkje ete gras. Men vi kan ete mykje anna av grønsaker, frukt og bær. Dersom vi alle var vegetarianar og avstod frå å ete kjøtt, ville det vore det aller mest ressursfornuftige. For kvart ledd opp i næringskjeda vert om lag 90 prosent av energien tapt. Dersom vi fôrar grisen med korn for etterpå å ete grisen, då er berre 10 prosent av energien som var i kornet att som energi for mennesket når vi et grisen. På Vestlandet regnar det mykje, vanlegvis. Under slike forhold eignar det seg å dyrke grovfôr og ikkje matkorn. Vi kan ikkje ete grovfôr, det kan ikkje grisen i særleg grad heller men det kan sauen. Difor er sauen eit flott dyr som kan gjere om gras til menneskeføde.

Steinar Lem skriv om godt samvit. Det beste samvitet har ein vel om ein tenkjer globalt men handlar lokalt. Et mat som er produsert i Noreg — gjerne sau. Dersom du som forbrukar vil vere trygg på at maten du et er produsert på ein mest mogleg ressursvenleg måte, kan du velje norskprodusert mat frå økologisk jordbruk. Debio-merka mat er produsert utan kunstgjødsel og sprøytemiddel med eit minimum av kraftfôr. Ha ein triveleg dag - og et god mat.

TORIL M. MULEN, FOR OIKOS VEST - ØKOLOGISK LANDSLAG