Av Jon Segtnan, lærar,

Bergen

Ein takstauke, som selskapet eigentleg mislikar, ser ut til å tvinga seg fram — dersom ikkje våre rikspolitikarar er i stand til å hoste opp dei naudsynlege millionane.

Reduserte statstilskot gjennom ei årrekkje har tvinga Gaia til å auke busstakstane, noko som har vore med på å redusere passasjertalet.

Men då leiinga, viseleg nok, let vere å setje opp billettprisane ved siste krossveg, førde dette til at passasjertalet gjekk opp. I eit skrytebrev (BT 6. juni) gjev informasjonssjefen dimeir til beste korleis selskapet har kome kundane i møte med einskilde justeringar og utvida bussavgangar.

Men framleis står mykje att når det gjeld å halde ruta. (Dette skal eg kome attende til i ein annan samanheng.) Som einaste lokale busselskap, ligg det eit stort ansvar på Gaia. Det er difor svært viktig at tilhøvet mellom oss kundar og selskapet er godt, at selskapet heile tida er medveten om at det er til for brukarane.

Oppslaget i BT (11. juni) om at stortingspolitikarar frå vårt fylke ikkje har makta å gjere sitt for å støtte kollektivtrafikken i Bergen, fortel oss noko om korleis det feite valflesk som vart lagt fram sist haust, berre var spel for galleriet. Særleg bør KrF gå i skammekroken. Lovnaden om 25 prosent reduksjon i billettprisen i løpet av stortingsperioden vil etter det første året truleg ende opp med 10 prosent takstauke.

«Men eg kan forsikre at det å satse på kollektivtransport er høgt prioritert,» forkynner KrF sin talsmann i finansnemnda, Ingebrigt Sørfonn. Primus motor under frieriet no i haust, Ingmar Ljones, seier at han har stått på og talt varmt for kollektivtrafikken. Men resultatet har vorte mindre enn ingenting for Gaia som no verkeleg ynskjer å unngå takstauke.

Gaia har makta å snu den negative trenden. Ein takstauke no vil kunne få svært uheldige følgjer. Eg er redd for at mange då vil kome til å seie takk for seg til Gaia, sjølv om bompengeavgiftene aukar. Meir privatbilisme vil jo også føre til auka globale CO2-utslepp, med alle dei negative følgjer dette vil få.

Gaia kjem til å ta den endelege avgjerda om takstauke no fredag som kjem, eller måndag i neste veke. Sjølv om tida er knapp, skulle det framleis vere mogeleg å gjere noko: Dei einskilde partia må, så raskt som råd, kome saman, ferda ut eit opprop der ein inviterer alle som kan gå, til å ta del i ein demonstrasjon retta mot våre sentrale styresmakter: Ingen takstauke! Eg trur politikarane i stortingssalen vil kome til å forstå alvoret.