Arbeidarpartiet har auka el-avgifta, eg fråskriv meg ikkje ansvaret for det.

Men kan Oddvard Nilsen stå ved at Høgre:

Kuttar sjukeløna – innfører karensdagar.

Kuttar/tek heilt bort tilskot til skulefritidsordninga.

Kuttar den halve matmomsen som blir innført l. juli.

Kuttar i u-hjelpa.

Kuttar/tek bort midlane til skulebøker i den vidaregåande skulen.

Arbeidarpartiet vil ta vare på og vidareutvikla dei gode offentlege tenestene vi har. Vi vil byggja fleire barnehagar, redusera foreldrebetalinga samt redusera foreldrebetalinga i skulefritidsordninga.

Eg registrerer at Oddvar Nilsen ikkje viser til at noko av det eg skreiv i innlegget mitt er feil, men at han ikkje vil fortelja lesarane korleis skattereduksjonen til Høgre påverkar kvardagen til folk.

AV RANVEIG FRØILAND HORDALAND ARBEIDERPARTI