Når prisen på norskprodusert mat ikkje vert den same som maten i Sør-Europa, vert bonden gjort til skurk. For medan dei fleste utgifter elles her i landet ligg på eit høgare nivå enn lenger sør i Europa, og sommaren også er kjøligare og kortare, ventar visst matvarekjedene, rikspolitikarane og massemedia at norske bønder likevel skal makte å levere matvarer til same kronepris som søreuropeiske bønder. Dette gnålet er eg no lei av, og eg opplever det nesten umoralsk av oss som aldri har produsert ei mattogge å krevje at bøndene, som dei einaste i landet, skal ha ei timeløn som ligg langt under det alle vi andre ynskjer å ha.

Dette trass i at undersøkingar viser at Noreg faktisk har den nest rimelegaste maten i Europa, målt i forhold til det generelle lønsnivået i landet.

Vi bør difor gjere det til eit folkekrav at maten no ikkje vert rimelegare, men heller at bøndene får så pass betalt for arbeidet sitt at vi også i framtida er sikra trygg, god, norsk mat. Hendinga med salmonella i dei importerte egga burde vere ei alarmklokke. Rimelegare mat betyr mindre pengar til bøndene og færre gardbrukarar. I neste omgang får vi mindre norskprodusert mat og meir import. Dette er ikkje noko vi ynskjer. Vi ynskjer ikkje rimelegare mat, vi ynskjer trygg mat.

GUNNAR ANDÅS, VOLDA