Stord kommune, HSD og Statens vegvesen har no starta utgreiing av nytt ferjeleie på Kvernaneset og i Djupavikjo. Dette er vanvidd! Pengar til å flytte papir, og til å hyre eksterne konsulentar, kan ein visst alltids finna. Kva med å bruke Skjersholmane?

Stord kommune er den einaste kommunen i landet som har eit råd for berekraftig utvikling (RBU).

Me er og med i det nasjonale «Lokal Agenda 21».

Kommunen har då forplikta seg til å minska ressursforbruket, fornye demokratiet og å visa globalt ansvar! RBU skal vurdere om prosjekt i kommunen er berekraftige i forhold til miljø, utvikling og helse. Gjenbruk av Skjersholmane er svaret, her kan så visst sparast!

På 90-talet reiste ein delegasjon frå Stord kommune på studietur til Holstebro. Den danske kommunen er kjent for si satsing på kultur, og dei positive ringverknadene av dette. Dei er og kjende for si investering i fast eigedom. På 50-talet kjøpte dei opp eigedomar i og nær sentrum, noko som seinare har vore med å gje dei økonomisk handlefrihet (ifølgje rapporten «kulturens betydning for samfunnsøkonomien, Rådet for arbeidslivsstudier, Universitetet i Oslo»). Kva skjer i Stord kommune? Kommunen sel t.d. Hamnebygget. Dei sit passive og ser på at private overtek m.a. Posthuset og Telebygget til spottpris. Etterpå leiger kommunen seg inn! Lærte dykk ikkje noko på studieturen til Holstebro? Eg foreslår ein ny studietur til Farum kommune i Danmark (på deltakarane si eiga rekning). Dei har m.a. prøvd ut privatisering med katastrofale følgjer for kommuneøkonomien. Etter «Stord 98» er det no 44 sjølvstyrte einingar i kommunen. Slå saman og permitter sjefar. Eit døme er einingane som tidlegare var teknisk etat. Gjer det lettare for brukarane, kun teknisk etat å venda seg til. Eit anna område er informasjon utad. Kommunen «flottar seg» med it-sjef, sjef for kundetorg og web-redaktør. Kor mykje skal kommunen bruke på sentral informasjon, når brukarane ofte må få svar hos den enkelte eining? Stogg overvakinga av innbyggjarane i Stord kommune og skrinlegg planen om å tv-overføre kommunestyremøta på internett. Hausten 2000 starta Stord kommune med videoovervaking av innbyggjarane i det offentlege rom. I Stord Kulturhus vart det installert tv-kamera og opptakarutstyr. Dette tiltaket vart sett i verk utan føregåande politisk handsaming! Om ein skal følgje Datatilsynet sine forskrifter (www.datatilsynet.no, personregisterloven § 37 a) skal det vera «saklig begrunnet ut fra hensynet til virksomheten» som avgjer om det vert tillatt å installere videoovervaking (t.d. i bankar). Eg kan ikkje sjå at det er tilfellet i Stord Kulturhus. Det er sikkert fleire tilfelle av slik unødvendig pengebruk i kommunen.

Lytt til medarbeidarane i førsteline-tenesten, dei som møter brukarane.

Omar Zahl Pettersen far til 2 av dei 145 barna som mista plassen i Stord kulturskule